Aktivitetar i gymsal og basseng
På ettermiddag- og kveldstid har pasientorganisasjonar og idrettslag aktivitet i gymsal og basseng. Her finn du ei oversikt over dei faste aktivitetane. Finn du noko du kunne tenke deg å prøve?

Kino
Kvar fredag og annankvar tysdag er det kinoframsyning i gymsalen på Energisenteret for barn og unge. Les meir om kinotilbodet her.

Gøy i gymsal
Når gymsalen er ledig kan du og dine pårørande låne gymsalen til leik og moro. Sjå korleis her.

Energistien
Visste du at det fins ein heilt eigen digital natursti på sjukehuset - fylt med spennande oppgåver, artige rebussar og gøyale aktivitetar?
Leit etter QR-kodar markert med "Energistien" i Energisenteret, Sentralblokka og i Marie Joys hus og bli med!
Du finn meir informasjon om Energistien her.

Resepsjonsområdet
I resepsjonsområdet på Glasblokkene er det mykje moro som kan beyttast kvar dag mellom klokka 08.00 og klokka 22.00.
Les meir om tilbod i resepsjonsområdet her.

Pårørandetrening
Dei næraste pårørande til barn og unge innlagt på sjukehuset har moglegheit til å låne styrkerommet på Energisenteret kvar dag.
Les meir om tilbodet her.

Sykehusskolen
Barn og ungdom i skulealder som er pasient på sjukehuset i meir enn ei veke har rett på skuleoppfølging frå Sykehusskolen.
Les meir om tilbodet her.

Ungdomsrommet
Ungdomsrommet finn du i same etasje som Sykehusskolen, i Glasblokkene 3.etasje blokk 4. Her kan ungdomspasientar slappe av, spele spel eller lese utan mas frå helsepersonell og andre. Sjå korleis du kan få tilgang til rommet her.

Turar i nærområdet
Det er mange fine uteområder i nærleiken av Haukeland Universitetssjukehus.
Her finn du forslag til kortare og lengre turar i nærområdet.