HELSENORGE

Bordtennisskule

Kvar onsdag kan du bli med sjølvaste Tommy Urhaug på hans bordtennisskule. 

​Når? 
Kvar onsdag kl. 17.00-18.00

Kvar? Gymsalen i Energisenteret for barn og unge

Kven passar tilbodet for? 
Alle barn og unge med funksjonsnedsetting er velkomne til å delta. Du treng ikkje vere god i bordtennis for å trene her. Meininga er at du skal få lære etter kvart og treninga blir tilpassa kvar enkelt. Vi som trenar i Energisenteret legg vekt på at vi skal ha det kjekt i lag og bli kjente med kvarandre. Treninga passar for alle mellom 7-18 år.
Aldersgrensene er ikkje absolutt. Vi er fleksible og det vil basere seg litt på kor mange som til ein kvar tid er påmeldt. ​

Kostar det noko? 
Aktiviteten er gratis​​​​.​

Må eg melde meg på?  
Påmelding til Tommy ved å sende Tommy ein e-post på urha@online.no

Er det aktivitet i skuleferiar og på raude dagar? ​
Aktiviteten fylgjer skuleruta.  

Kven kontaktar eg dersom eg har spørmål?
Du kan k
ontakte Tommy på urha@onlie.no


Fann du det du leita etter?