HELSENORGE

Aktivitet med Psykiatrialliansen

Bli med på aktivitet i gymsalen med Psykiatrialliansen kvar mandag kl. 19.00-20.00 og  torsdag kl. 19.00-20.00. 

​Når? 
Kvar mandag kl. 19.00-20.00
Kvar torsdag kl. 19.00-20.00

Kvar? Gymsalen i Energisenteret for barn og unge

Kven passar tilbodet for? Aktiviteten er for ungdom i alderen 13-18 år, men Psykiatrialliansen er fleksible på alder. Så lenge ungdommen sjølv føler dei passer inn er det ikkje så viktig om dei er 12 eller 20 år. Tilbodet er lagt for ungdommar med psykisk sjukdom, dei som opplev einsemd eller å falle utanfor anna idrettstilbod, samt deira vener og pårørende. På våre treningar er alle velkommen og treninga er i praksis open for alle ungdommar som ønsker ein aktivitet på ettermiddagen. Det er fullt lov å invitere med seg vener og familie på trening!

Kva type aktivitet er dette?​​ Aktivitetane varierar ut i frå deltakarane og kan for eksempel variere frå ballspel, frileik, og organisert idrett til klatring i klatrevegg. Trenarane er trygge og fleksible voksne som tilpassar kvar trening utfrå deltakarane som kjem på treningen. Hos Psykiatrialliansen er meistring, leik og morro viktig. Alle er velkommen og det er ikkje behov for sportslige ferdigheter eller forkunnskaper for å vere med på trening.

Kostar det noko? Aktiviteten er gratis​​​​.​

Må eg melde meg på?  Påmelding via lenke på facebooksida til Psykiatrialliansen eller ved å sende melding/ringe til 45113754, helst innen samme formiddag.

Er det aktivitet i skuleferiar og på raude dagar?  Det er i utgangspunktet trening kvar mandag og torsdag gjennom året. Eventuelle endringar leggast ut på facebooksida til Psykiatrialliansen. 

Kven kontaktar eg dersom eg har spørmål?
Du kan k
ontakte Psykiatrialliansen​ på post@psykiatrialliansen.no eller 45113754. Det er også mogleg å avtale eit møte på kontoret vårt på Kronstad DPS på Danmarksplass for meir informasjon.

Bli betre kjend med Psykiatrialliansen

Vil du bli betre kjend med Psykiatrialliansen og deira tilbod? 

Sjekk ut nettsida​ deira og facebooksida deira. 
Du kan også sende spørsmål til post@psykiatrialliansen, eller ringe 451 13 754



Fann du det du leita etter?