Vi ynskjer å leige areal på Energisenteret for barn og unge til å drive tilpassa fysisk aktivitet - korleis går vi fram?
Ta kontakt med Energisenteret for barn og unge på energisenteret@helse-bergen.no. Skisser kva rom de ynskjer å leie, aktivitetstype, målgruppe, ønska tidspunkt og kontaktinformasjon. Vi vil snarleg ta kontakt for å avtale leige vidare.
Areala i Energisenteret for barn og unge kan leigast mandag til fredag mellom 15.00 og 21.00, samt laurdag og søndag mellom 08.00-21.00. Enkelte tidspunkt er allereie opptatt til faste avtalar.
Romma kan leigast til enkeltarrangement eller for faste arrangement over ei lengre periode (eksempelvis eit skuleår).
Kva rom kan ein leige på Energisenteret for barn og unge?
Gymsal:
Her er utstyr for dei aller fleste ballaktivitetar, klatring, hinderløyper, rullestolaktivitetar og anna moro. Inkludert i leiga er garderober.
Det fins også prosjektor, to mikrofonar (ein handhaldt og ein mygg), musikkanlegg og sitteputer til tribuna.
Basseng:
Garderobetid er inkludert i leiga. Vi har to HC-garderober med dusjbenk og heis, ei instruktørgarderobe og ei herregarderobe og ei damegarderobe. I tillegg har vi mange dusjstolar som kan trillast frå garderober og ut i bassenget.
Inkludert i leigeprisen er ein badevakt. Leigetakar må stille med ein person over 18 år som har godkjent HLR-kurs, som er kjent med alarmplanen og som kan bistå badevakt i ein eventuell nødsituasjon. Har leigetakar ikkje dette, kan ekstra badevakt leigast frå Energisenteret.
VR-rommet:
Her er utstyr til VR-gaming og PC-gaming, samt ei sittegruppe for sosial samvær.
Styrkerommet:
Her er manualar, trekkapparat, tredemølle, beinpress, slynger og boksesekk.
Personar under 18 år må ha fylgje av ein vaksen når rommet brukast.
Møterom:
Vi har to møterom, eit berekna på 12 personar og eit berekna på 16 personar. Begge romma er utstyrt med prosjektor, PC og moglegheit for digitale møter. Det ligg eit tekjøkken i tilknyttning til møteromma som kan nyttast til å lage kafii/te og tilberede lett servering.
På kva tidspunkt kan ein leige Energisenteret for barn og unge?
Areala i Energisenteret for barn og unge kan leigast mandag til fredag mellom 15.00 og 21.00, samt laurdag og søndag mellom 08.00-21.00. Enkelte tidspunkt er allereie opptatt til faste avtalar. Kontakt energisenteret@helse-bergen.no for å få informasjon om tilgjenglege tidspunkt.
Romma kan leigast til enkeltarrangement eller for faste arrangement over ei lengre periode (eksempelvis eit skuleår).