HELSENORGE

For pasientar og pårørande

Alle pasientar og pårørande i alderen 0-25 år tilknytta Helse Bergen kan nytte Energisenteret sine tilbod. Vi har og nokre tilbod til voksne som pårørande til barn. Her finn du meir informasjon om tilboda. 

​​Aktivitetar i gymsal og basseng for pasientar og pårørande

På ettermiddag- og kveldstid har pasientorganisasjonar og idrettslag aktivitet i gymsal og basseng. Her finn du ei​​ oversikt over faste aktivitetar i Energisenteret. Kanskje du finn noko du vil prøve? 

To personer hopper ut i bassenget fra stupeblokken. Foto

Kino for pasientar og pårørande

​Kvar fredag og annankvar tysdag er det kinoframsyning i gymsalen på Energisenteret for barn og unge. Les meir om kinotilbodet her.

​Tilgang til styrkerommet for voksne pårørande

Pårørande kan få tilgang til styrkerommet i Energisenteret etter avtale alle kvardagar i tida 08.00-22.00. Før du kan begynne å bruke styrkerommet, treng du ei rask gjennomgang av rutinane på treningsrommet. Ta kontakt med energisenteret@helse-bergen.no for å avtale gjennomgang og tidspunkt for første treningsøkt.

Deretter kan du kontakte dei tilsette på aktuell sengepost for å booke vidare trening og låne nøkkelkort som gir deg tilgang til treningsrommet.

Styrketreningsrommet har mellom anna manualar, trekkapparat, beinpressmaskin, slynger, boksesekk og tredemølle.

​​Pårørandesvømming for voksne pårørande

Bassenga i Energisenteret er opne for pårørande måndagar kl 16:00-17:00. Det krevjast ikkje påmelding, det er berre å møte opp med badetøy. 

Vi har et stort basseng på 25m med temperatur på ca 28 grader og et terapibasseng på 12,5m med temperatur på ca 34-35 grader.​

​Siste åpningstid før sommaren 2023 er måndag 12. juni. Første bading etter sommaren er måndag 21. august 2023

Gøy i gymsal for pasientar og pårørande

 Er du pasient eller pårørande på sjukehuset og mellom 0 og 25 år? Då kan du og dine pårørande låne gymsalen på Energisenteret til leik og moro. Henvend deg i resepsjonen i Glasblokkene for å få tilgang.​​ ​

Ung gutt poserer med fotball, tre spillere  spiller foran mål i bakgrunnen. Foto

​Energistien for alle

Visste du at det fins ein heilt eigen digital natursti på sjukehuset - fylt med spennande oppgåver, artige rebussar og gøyale aktivitetar? Leit etter QR-kodar markert med "Energistien" i Energisenteret, Sentralblokka og i Marie Joys hus og bli med! 

​Til informasjon så jobber vi nå med oppdatere og sikre alle poster i Energistien og feil og mangler kan dessverre forekomme. Barna får premie ved gjennomføring av rebus, send da mail til energisenteret@helse-bergen.no og legg igjen navn og adresse, så blir dette tilsendt.

Les meir om Energistien her 

bus_i_inngangsparti_vinduskunst_3_34769738830_o.jpg ​​

Sykehusskolen for pasientar

Barn og ungdom i skulealder som er pasient på sjukehuset i meir enn ei veke har rett på skuleoppfølging frå Sykehusskolen. Les meir om tenestetilbodet ved Sykehusskolen her

Interiør klasserom til Sykehusskolen, pulter og stoler står på rekke ved vindu og støyskjerming. Foto

Ungdomsrommet

​Ungdomsrommet finn du i same etasje som Sykehusskolen, i Glasblokkene 3.etasje blokk 4. Her kan ungdomspasientar slappe av, spele spel eller lese utan mas frå helsepersonell og andre. ​​Sjå korleis du kan få tilgang til Ungdomsrommet her

To unge jenter sitter i sofa med fargerike puter i Ungdomsrommet i Glasblokkene. Foto ​

Ungdomsrådet

Helse Bergen har stort fokus på born og ungdom på sjukehuset og har sitt egen Ungdomsråd som jobber for at sjukehuset skal bli ein betre plass for born og unge. Les meir om Ungdomsrådet på deira nettside​​.​​

Turar i nærområdet​​​ for alle

Av og til kan det vere godt å komme seg ut i frisk luft. Vi har listet opp nokre turmolegheiter i nærområdet. Nokre er korte og lette, andre er litt lenger og litt meir krevande. Husk å avtale og melde fra til avdelingen om du er innlagt.​ Her er en fin overiskt over turar i nærområdet.


Fann du det du leita etter?