HELSENORGE

For pasientar

Alle pasientar og pårørande i alderen 0-25 år tilknytta Helse Bergen kan nytte Energisenteret sine tilbod. Her finn du meir informasjon om tilboda. 

​​Aktivitetar i gymsal og basseng

På ettermiddag- og kveldstid har pasientorganisasjonar og idrettslag aktivitet i gymsal og basseng. Her finn du ei​​ oversikt over faste aktivitetar i Energisenteret. Kanskje du finn noko du vil prøve? 

To personer hopper ut i bassenget fra stupeblokken. Foto

Kino

​Kvar fredag og annankvar tysdag er det kinoframsyning i gymsalen på Energisenteret for barn og unge. Les meir om kinotilbodet her.

Gøy i gymsal

 Er du pasient eller pårørande på sjukehuset og mellom 0 og 25 år? Då kan du og dine pårørande låne gymsalen på Energisenteret til leik og moro. Henvend deg i resepsjonen på Marie Joys hus eller i Glasblokkene for å få tilgang.​​ ​

Ung gutt poserer med fotball, tre spillere  spiller foran mål i bakgrunnen. Foto

​Energistien

Visste du at det fins ein heilt eigen digital natursti på sjukehuset - fylt med spennande oppgåver, artige rebussar og gøyale aktivitetar? Leit etter QR-kodar markert med "Energistien" i Energisenteret, Sentralblokka og i Marie Joys hus og bli med! 

Les meir om Energistien her 

bus_i_inngangsparti_vinduskunst_3_34769738830_o.jpg ​​

Sykehusskolen

Barn og ungdom i skulealder som er pasient på sjukehuset i meir enn ei veke har rett på skuleoppfølging frå Sykehusskolen. Les meir om tenestetilbodet ved Sykehusskolen her

Interiør klasserom til Sykehusskolen, pulter og stoler står på rekke ved vindu og støyskjerming. Foto

Ungdomsrommet

​Ungdomsrommet finn du i same etasje som Sykehusskolen, i Glasblokkene 3.etasje blokk 4. Her kan ungdomspasientar slappe av, spele spel eller lese utan mas frå helsepersonell og andre. ​​Sjå korleis du kan få tilgang til Ungdomsrommet her

To unge jenter sitter i sofa med fargerike puter i Ungdomsrommet i Glasblokkene. Foto ​

Ungdomsrådet

Helse Bergen har stort fokus på born og ungdom på sjukehuset og har sitt egen Ungdomsråd som jobber for at sjukehuset skal bli ein betre plass for born og unge. Les meir om Ungdomsrådet på deira nettside​​.​​



Fann du det du leita etter?