Jobbar du med pasientar i alderen 0-25 år på Haukeland,
og tenker at fasilitetane i Energisenteret kunne vore nyttig i behandlinga av pasienten din?
Ta kontakt med energisenteret@helse-bergen.no for meir informasjon om korleis du kan bruke Energisenteret som ein del av behandlinga du tilbyr.
Mestringsuker
Energisenteret jobber for tiden med et konsept vi kaller Mestringsuker. Her får barn med en kronisk sykdom tilbud om et mestringsopphold med et helhetlig behandlingstilbud hvor fysisk aktivitet og mestring står i sentrum. Les mer om Mestringsuker her.
Energikonsulent
For born som er tilknytta sjukehuset og som treng tilrettelegging for å kunne delta i organisert eller uaorganisert idrett, kan ein energikonsulent bistå med:
Dialog rundt fysisk aktivitet
Kartlegging av aktivitet i pasientens nærområde
Bistå med oppstart i aktivitet
Kan dette være aktuelt for din pasient, så ta kontakt med: vegard.berge.sandven@helse-bergen.no
Aktivitetsgrupper for born og unge
Born og unge i alderen 9-13 år og som følgast opp av Poliklinikk for overvekt kan henvisast til Aktivitetsgrupper på Energisenteret. Gruppene er styrt av fysioterapistudentar under veiledning frå fysioterapeutar ved Fysioterapiavdelinga og fra høgskulelektorar på Fysioterapiutdanninga på Høgskolen på Vestlandet.
Energiteamet PBU
Energiteamet PBU er eit aktivitetstilbod for born og unge knytta til Psykisk helsevern for barn og unge (PBU). Energiteamet nyttar både gymsal, basseng og uteområde til ulike aktivitetar og idrettar.
Fysioterapi for barn og unge
Fysioterapeutane som jobbar med born og unge på Haukeland har base på Energisenteret. Her har møter dei born og unge til fysioterapivurderingar eller -behandlingar i eit av fysioterapiromma, i gymsalen eller i bassenget. I tillegg utfører fysioterapeutane behandling på born og unge som er innlagt på Marie Joys hus.
Ganglaboratoriet
I ganglaboratoriet på Energisenteret jobbar det fysioterapeutar, ortopediingeniørar og ortopedar. Ved bruk av tredimensjonal dataanalyse kartlegg dei gangmønster til born og unge som har utfordringar knytt til gange. Denne informasjonen brukar dei til å finne ut kva behandlinga som passar deg best, og seinare til å vurdere korleis behandlinga fungerer for deg.
Habiliteringstenesta for barn og ungdom (HABU)
Legar, psykologar, spesialpedagogar, fysioterapeutar og ergoterapeutar nyttar både undersøkelsesrom, gymsal og basseng i sine behandlingar av born og unge tilknytta HABU.
Hjarte-lunge-testlab
I Hjarte-lunge-testlab på Energisenteret føregår det både pasientbehandling og forskning. Her jobbar sjukepleiarar, legar, fysioterapeutar og forskarar med å analysere blant anna lungekapasitet, hjartet sin funksjon og strupehovudet sine rørsler under anstrengelse.
Poliklinikk Barne- og ungdomsklinikken
Barne- og ungdomsklinikken har poliklinisk verksemd i Energisenteret. Her jobbar barnelegar og barnesjukepleiarar saman med undersøking og behandling av born og unge tilknytt Barne- og ungdomsklinikken.
Har du fått innkalling til Barne- og ungdomsklinikken? Sjekk innkallinga om du skal møte i Energisenteret eller i Marie Joys hus.
Sykehusskolen
Sykehusskolen driv individuelt tilpassa undervisning for alle born og unge i skulealder som er innlagt på Haukeland. Sykehusskolen har sine lokaler i 3. etg i Glasblokkene, men brukar gymsalen og bassenget både i friminutt og i kroppsøvingstimar.