Biobank and quality register

Biobanken

«Biobank for angstlidelser og OCD» er ein biobank med biologisk materiale frå pasientar med desse diagnosane. Målet med biobanken er å forske på angstlidingar og OCD. For eksempel vil vi kunne undersøke arvelege faktorar som fører til utvikling av angstlidingar/ OCD eller som påverkar sjukdomsforløpet. Denne informasjonen vil kunne brukast til å auke kunnskapen om angstlidingar og OCD og kanskje også til å utvikle nye metodar for behandling, eller forbetra diagnostikk.

I forskingsprosjekt vil informasjonen frå biobanken bli kopla med opplysningar frå sjukejournal og helseundersøkingar, helseregistre og andre offentlige administrative registre, for eksempel:

  • CONOR med biobanker
  • Dødsårsaksregisteret
  • Fødselsregisteret FD Trygd
  • Kvalitetsregister for konsentrerte behandlingsformat
  • Regional forskningsbiobank Midt-Norge Norsk pasientregister
  • Registre i Statistisk sentralbyrå HUNT med biobank Tromsøundersøkelsen med biobank HUSK med biobank
  • Reseptregisteret
 

Biobanken er godkjent av REK (ref 2014/75), ansvarshavande er Jan Haavik. Alle forskingsprosjekt som utgår frå biobanken skal godkjennast av REK.

Om du ønskjer meir informasjon kan du lese informasjonsskrivet vårt her.

Du kan når som helst og utan grunn, trekke samtykket ditt utan at det får konsekvensar for vidare behandling. Du kan kontakte OCD-teamet i Helse Bergen, 55 95 60 60 eller sende ein e-post til gerd.kvale@helse-bergen.no.
Personvernombud ved Helse Bergen kan kontaktast via e-post: personvernombudet@helse-bergen.no.

Information about the biobank in English

The biobank for anxiety and compulsive disorders is a biobank containing biological material from patients with the aforementioned diagnosis. The objective of the biobank is research related to these diagnoses, for example how hereditary factors affects the disease. The results from the research will gather knowledge to better understand the disease and maybe improve the treatment and diagnosis. 


Kvalitetsregister – «Register for konsentrerte behandlingsformat»

Dei psykologiske behandlingsmetodane med best dokumentasjon som er utvikla for tvangs- og angstlidingar er eksponering og responsprevensjon (ERP) og kognitiv atferdsterapi (KAT). Dette er robuste behandlingsmetodar som kan gis i ei rekke ulike format, både individuelt og i gruppe; konsentrert og spreidd over eit lengre tidsrom, eller via internett.

Helse Bergen har sidan 2012 tilbydd ERP/KAT i eit konsentrert behandlings-format, såkalla 4-dagers behandling. Behandlingsformatet blir no tilbydd over heile landet i samarbeid med Helse Bergen som har ansvar for behandlingskonsoliderande tiltak og kvalitetssikring. Dette medfører at alle pasientar som mottar det konsentrerte behandlingsformatet blir sekundærhenvist til Helse Bergen. Den etablerte kliniske infrastrukturen vil gjere det mogleg å samle kliniske data i eit lokalt kvalitetsregister som rutinemessig vil kunne oppsummere og benchmarke behandlingsresultat.

For å sikre god kvalitet i tenesta, må resultat av behandlinga kunne følgast og kvalitetssikrast over tid. Ved å kople informasjon frå dette registeret med andre register i Norge, vil vi kunne utføre forskingsprosjekt av stor nasjonal og internasjonal interesse

Målet med kvalitetsregisteret er:

  1. Kvalitetssikre den konsentrerte behandlinga som blir gitt til pasientar med OCD og/eller angstliding.
  2. Anvende oppsummeringar av kvalitetssikringa for å kunne forbetre behandlinga.
  3. Samanlikne ulike team/ senter som leverer konsentrert behandling
  4. Samanlikne/ vurdere behandlingsresultat over tid.
  5. Samanlikne resultat med det som kan forventast basert på forskingslitteraturen («Bench marking»). Registeret vil også kunne danne grunnlag for forskingsprosjekt som er førehandsgodkjent av REK eller anbefalt av Personvernombudet.

Gerd Kvale er registerleder, Kristen Hagen er ansvarleg for den daglege drifta.

Om du ønskjer meir informasjon kan du lese informasjonsskrivet vårt her.

Du kan når som helst og utan grunn, trekke samtykket ditt utan at det får konsekvensar for vidare behandling. Du kan kontakte Helse Bergen, 55 97 50 00.
Personvernombud ved Helse Bergen kan kontaktast via e-post: personvernombudet@helse-bergen.no

Information about the quality register in English

Register for concentrated treatment formats is a local medical quality register. Various teams and clinics in association with Helse Bergen – Haukeland University Hospital, have for several years offered the concentrated treatment format to patients with anxiety and compulsive disorders. The objective of the quality register is to provide a quality control of the treatment given and that results of the treatment are as expected. Further, the register will be used to improve the quality of the treatment and make an important basis for research within the field.  


​​Did you find what you were looking for?