Terapi på nett blei redninga

Psykologispesialist og prosjektleiar ved eMeistring, Tine Nordgreen, og pasient Inger Johanne Rygg gjesta God morgen Norge på TV 2 for å snakke om panikkliding og veileda internettbehandling.

TV2. Foto.
 

​I programmet snakkar dei om korleis behandling via internett fungerer. 

Sjå heile innslaget på God Morgen Norge her

Behandling på nett

– Veileda internettbehandling innheld det same som du ville fått dersom du gjekk til vanleg behandling, ansikt til ansikt, men at det blir gjort tilgjengeleg via internett, fortel psykologspesialist Tine Nordgreen.

– Hovudsakleg føregår kontakten mellom terapeut og pasient også via internett, og behandlinga består stort sett av tekst og øvingar.

Søk hjelp i tide 

Det er så langt 145 pasientar som har gått gjennom behandlingsopplegget ved eMeistring, og mange har hatt angst lenge før dei søker hjelp.

– Ein må ikkje vente for lenge. Ein må gripe tyren ved horna. Dess tidlegare ein kjem i gang, jo betre, er rådet frå Inger Johanne Rygg til andre som slit med angst.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.