Sikkerheit

Grunna elektronisk utveksling av sensitiv personinformasjon i eMeistringsprogramma nyttar vi det høgaste sikkerheitsnivået vi har i Norge.

Grunna elektronisk utveksling av sensitiv personinformasjon i eMeistringprogramma nyttar pasient og behandlar sikkerheitsnivå 4 for å logge seg på. Sikkerheitsnivå 4 er meint for sikring av sensitiv informasjon, det høgaste nivå vi har i Norge i dag.

Sikkerheitsnivå 4 er definert av norske myndigheter og vert forvalta av Post- og Teletilsynet. Innlogging til eMeistringprogramma med sikkerheitsnivå 4 skjer via BankID og Buypass. 

Ta kontakt med banken din for å bestille BankID. Buypasskort kan du bestille saman med din behandlar i eMeistring.

MERK! Ikkje del BankID, sjølv ikkje med familiemedlemmer eller andre du stoler på. BankID er din personlige digitale ID og signatur.

Har du spørsmål om sikkerheit eller anna tilknytta eMeistringprogramma ta kontakt med oss på epost  emeistring@helse-bergen.no eller telefon 55 95 71 79.

Fann du det du leita etter?