HELSENORGE
Forsking på eMeistring

Pågåande studiar

Alle pasientar som får behandling hos eMeistring blir spurt om å delta i pågåande forskingsprosjekt. 

Dette er for at vi skal kunne evaluere og vidareutvikle behandlingstilbodet. Alle data vert anonymisert og kan ikkje identifiserast.

Forsking og utvikling føregår parallelt med arbeidet ved klinikken, og følgjande spørsmål vert undersøkt: 

  • ​Kva er effekten av veileda internettbehandling i ordinær klinisk praksis? 
  • Kva kjenneteiknar dei som har nytte av veileda internettbehandling i ordinær klinisk praksis? 
  • Kva er dei helseøkonomiske konsekvensane av å bruke veileda internettbehandling i ordinær praksis? 
eMeistring samarbeidar med Forskningssenter for digitale psykiske helsetjenester (Forhelse), leia av psykolgspesialist Tine Nordgreen. Senteret sitt hovudmål er at bruken av digitale psykiske helsetenester skal ha auka til 15 prosent innan 2025 og til 20 prosent innan 2030. 

Til saman gir dette betydelege bidrag til nasjonal og internasjonal forskingslitteratur.

Har du spørsmål om forsking, ta kontakt med Tine Nordgreen på epost tine.nordgreen@helse-bergen.no

Les meir om forsking og studiar knytta til eMeistring:

Fann du det du leita etter?