Behandlingsprogramma

eMeistring byggjer på kognitiv atferdsterapi, som har vist seg å være effektiv behandling av depresjon og angstlidingar.

Kvinne med nettbrett. Foto
 

​Kognitiv atferdsterapi er den behandlingsforma som har synt seg mest effektiv ved behandling av depresjon og angstlidingar, og er difor tilrådd som behandlingsform for angstlidingar i norske, engelske og svenske retningslinjer.

Brukarstøtte

Her kan du sjå første modul i dei tre behandlingsprogramma vi tilbyr:

Behandlingsprogram for depresjon, modul 1 (pdf)Behandlingsprogram for sosial angst, modul 1 (pdf)Behandlingsprogram for panikkliding, modul 1 (pdf)

eMeistring.no nyttar kognitiv atferdsterapi og behandlinga består av skriftleg informasjon og øvingar. Ein viktig del av angstbehandlinga er å systematisk utsetje seg for situasjonar som fører til angst og å arbeide systematisk med korleis ein tolkar og forstår slike situasjonar. I depresjonsprogrammet skal ein også arbeide med tankene, i tillegg til å kome igang med aktivitet.

Måten vi tenkjer på er avgjerande for kva vi føler og korleis vi handlar. I kognitiv atferdsterapi lærer ein å kjenne att og endre måten ein tenker på i situasjonar som medfører angst eller anna ubehag. 

Er det mogleg å kurere depresjon og angst ved å lese om den?

Du lurar sikkert på om det er mogleg å bli kvitt angst eller depresjon ved å lese ein tekst på internett. Det er eit godt spørsmål, men eMeistring er meir enn dette. Ein av grunnane til at behandlinga har effekt er at eMeistring er eit program som er basert på læring og øvingar. I tillegg får du, minst ein gang i veka, tilbakemelding og veiledning frå ein eMeistring-behandlar. Liknande behandlingsprogram er gjennomført med svært gode resultat for blant anna panikkliding, sosial angst og depresjon i blant anna Sverige og England. 

Det ser også ut som at betringa held seg over tid. Når vi har lært oss noko blir det ein naturleg del av reaksjonane våre - og vi ber lærdomen med oss og kan bruke den etter at behandlinga er avslutta. 

Vi håpar også at du vil lære ny kunnskap og nye ferdigheitar ved å delta i eMeistring.no. Det finst naturlegvis ikkje nokon garanti for at du aldri vil oppleve depresjon eller angst igjen, men på bakrunn av gode resultat frå tidlegare behandlingar synast vi at du bør gje programmet ein sjanse.

Her er nokre tilbakemeldingar vi har fått frå tidlegare pasientar

  • "Eg er ikkje lenger så redd symptom som kjem med angsten"
  • "Eg forstår angsten og er ikkje lenger så redd han"
  • "Eg er blitt mindre redd for panikkangsten"
  • "Eg har lært at dette er normale reaksjonar for menneske, og at eg ikkje er aleine med å ha eit angstproblem"
  • "Eg har fått tillit til teknikkar som hjelper meg til å meistre angsten"
  • "Eg tenkjer at eg skal klare å takle situasjonar som før synast umogelege"
  • "Eg har lært å puste med magen, no køyrer eg bil"

Behandlingsprogram for depresjon

Behandlingsprogram for sosial angst

Behandlingsprogram for panikkliding

Behandlingsprogram for Raskare tilbake