HELSENORGE

Søknad om eMeistring

Direkte kontakt utan tilvising​
Du som bur i Bergensområdet kan ta direkte kontakt med eMeistring utan tilvising. Dette gjer du ved å logge deg inn på helsenorge.no og fylle ut ein søknad til oss

​Tilbodet om å ta direkte kontakt med eMeistring utan tilvising finst også hjå Helse Fonna, Helse Førde, Helse Stavanger og Nidaros DPS. Følg lenkene under for å få meir informasjon om rutinane for dette hjå din lokale klinikk. 

Dersom du allereie er i behandling i ein poliklinikk ved ditt lokale DPS ynskjer vi at du drøftar tilvising til eMeistring med din behandlar der og søker i samarbeid med han eller ho. 

Dersom du ikkje er i pågåande behandling for psykiske vanskar kan du også ta kontakt med fastlegen din og be om tilvising til oss. Andre legar eller psykologar kan også tilvise til eMeistring.​

Vi anbefalar deg å lese første modul (kapittel) i kvart av dei 3 behandlingsprogramma i eMeistring før vurderingstimen i eMeistring. Desse finn du på vår heimeside, via linken Behandlingsprogramma. I programma for sosial angst og for panikkliding er det 9 tilsvarande modular til modul 1. Og i depresjonsprogrammet er det 8 slike modular.​

Fann du det du leita etter?