Er eMeistring sitt tilbod for alle?
Som utgangspunkt kan alle over 18 år med panikkliding, sosial angst eller depresjon søke om behandling i eMeistring. Behandlinga føregår via internett, men ein treng ikkje høg teknisk kompetanse for å delta. Klarar ein å betale rekningar på nett, har ein tilstrekkeleg internettkunnskap for å starte opp behandlinga. Utover dette krevjer behandlinga at du deltek aktivt gjennom å gjere øvingar. Du held kontakten med din terapeut gjennom å skrive meldingar inne i behandlingsprogrammet.
eMeistring er ikkje eigna for deg som er i ein krisesituasjon eller har akutte behov, for eksempel dersom du er i sjølvmordsfare. Ring legevakten på 116 117 for øyeblikkelig hjelp
Kven er ikkje i målgruppa til eMeistring?
På noverande tidspunkt tilbyr vi ikkje behandling for andre angstlidingar enn sosial fobi og panikkliding. Det vil seie at vi ikkje tilbyr behandling for helseangst, generalisert angst, tvangsliding, OCD eller PTSD.
Du kan ikkje motta behandling i eMeistring dersom du allereie er i gong med ein annan form for psykologisk behandling. Dersom du ynskjer å forsøke eMeistring i staden for annan behandling anbefaler vi at du drøftar dette med din behandlar.
Kan eg møte opp til ein fysisk samtale hjå eMeistring?
Til første time vert alle kalla inn til ein video-samtale hjå eMeistring, der vi saman vurderar om dette vil vere eit eigna behandlingsprogram for deg. Dersom du ynskjer det, kan denne samtalen også skje via oppmøte på poliklinikken.
Kan eg motta behandling i eMeistring dersom eg allereie står på venteliste til annan behandling?
eMeistring er ein del av spesialisthelsetenesta og du kan ikkje samstundes stå på venteliste til anna behandling der. Dersom du står på venteliste til privat behandlar, kan det vere nyttig med eMeistring i ventetida. Vi anbefaler ikkje at ein går i to parallelle behandlingar for same type problematikk samstundes.
Kor lang er ventetida til eMeistring?
Normalt sett kan du forvente å bli innkalt til vurderingssamtale innan 3 veker. I nokre perioder kan det vere lengre ventetid. Det er ikkje ventetid på sjølve behandlinga. Dersom du etter vurderingssamtale får tilbod om behandling i eMeistring, kan du starte opp same dag.
Eg ynskjer gjerne samtaler ansikt til ansikt med ein behandlar. Kan eg få dette i eMeistring?
eMeistring tilbyr ansikt til ansikt samtalar kun ved spesielle behov.
Kan eg gjennomføre videosamtale på mobil?
Du kan gjennomføre videosamtalar på mobil, men vi anbefalar å bruke bruke ein PC eller nettbrett. Sørg for å vere i eit uforstyrra rom, slik at du ivaretar sikkerhet og personvern under samtalen.
Eg er litt dårlig på det tekniske, er det eit problem?
Det kan bli frustrerande for deg dersom du ikkje er trygg på det tekniske. Vi brukar å seie at dersom du klarar å betale rekningar på nett, har du tilstrekkelege datakunnskapar til å motta behandling i eMeistring. Dersom du opplev problem med det tekniske vil vi forsøke å hjelpe deg vidare så godt vi kan.
Eg får ikkje fri på det tidspunktet eg er innkalt til vurderingssamtale. Kva gjer eg?
eMeistring er ein del av psykisk helsevern og tilbyr faste konsultasjonstider på kvardager. Samtalane vert holdt i tidsrommet 9-15. Det betyr at du må være tilgjengeleg på eit tidspunkt innanfor denne tida, dersom du ynskjer å bli vurdert for eMeistring. Det er kun den første samtalen som ligg innanfor normal arbeidstid. Dersom du får tilbod om å starte i eMeistring, kan du jobbe med behandlinga når det passar for deg.
Kan eg få eit nytt tidspunkt for vurderingssamtale?
Kontakt oss ved ønske om nytt tidspunkt, så vil vi imøtekome dette.
Kor mykje kostar behandlinga i eMeistring?
Du betalar eigendel for vurderingstimen i forkant av behandlinga og for avslutningssamtalen når du er ferdig med behandlingsprogrammet. Dersom du i løpet av behandlinga møter til samtaler ansikt til ansikt betaler du også eigendel for desse. Utover dette er behandlinga kostnadsfri.
Kva viss eg ikkje vert ferdig med alle delane av behandlinga når behandlingstida på 14 veker er over?
Behandlaren din vil hjelpe deg å kome lengst mogleg i programmet. Det er imidlertid ikkje alle som fullfører alle delane i behandlinga, men som likevel får hjelp for sine vanskar. Når kontakten med terapeut vert avslutta, vil du få tilgang til heile behandlinga i 6 månader framover.