eMeistring Raskare Tilbake

Er du sjukmeld eller står du i fare for å bli det? Då kan du kanskje få tilbod gjennom eMeistring Raskare tilbake.

Dette er eit tilbod til deg som har ein arbeidsplass å gå tilbake til og skal gjere det mogleg for sjukemelde arbeidstakarar å kome raskare tilbake i arbeid. Det er også eit tilbod til arbeidstakarar som står i fare for å bli sjukemelde, med ei målsetting om å unngå sjukemelding.

I eMeistring Raskare Tilbake får du ein ressursperm med tekst og øvingar relatert til utfordringar i arbeidskvardagen. Dei ulike tema du kan arbeide med er:

  • Min veg tilbake til jobb
  • Mine kontaktar
  • Søvn og søvnvanskar. Har du søvnvanskar som påverkar korleis du fungerer gjennom dagen?
  • Stress. Påverkar stress på jobb og/eller fritid arbeidskapasiteten din og korleis du har det?
  • Høge krav. Har du høge krav til deg sjølv og/eller andre?
  • Fysisk aktivitet. Ønsker du å være meir aktiv?
  • Fokus og konsentrasjon. Har du konsentrasjonsvanskar som påverkar kvardag og/eller arbeid?

Slik foregår behandlinga: Kvar veke får du oppfølging og rettleiing frå terapeuten din, via sikker meldings-funksjon i emeistring.no. Halvvegs i behandlinga vil du på ny møte terapeuten din ansikt-til-ansikt. Dere vil i denne samtalen ha hovudfokus på din veg tilbake til arbeid, di mestring av dette og arbeidet du har gjort i ressurspermen.

Her kan du lese introduksjonsmodulen i eMeistring Raskare Tilbake. Vi ønsker at du les og arbeider med denne på eigenhand og tar med deg tankar og svar på oppgåver dersom det bli aktuelt med innkalling til vurderingssamtale for eMeistring Raskare Tilbake. Formålet med denne modulen er at du skal rette merksemd mot ulike faktorar som påverker arbeidskvardagen din.   Forberedelse til første samtale - modul 1 (PDF)

Det er fastlegen din, eller andre som kan tilvise til behandling i spesialisthelsetenesta, som skal vurdere om du kan komme raskare tilbake i jobb gjennom tilvising til spesialisthelsetenesta.

Slik foregår eMeistring Raskare tilbake - trinn for trinn