
Panikkliding
I Juni 2017 publiserte vi resultat frå 124 pasientar med panikkliding som har fått behandling i eMeistring. Resultata viser at panikkbehandlinga i eMeistring er effektiv både på panikksymptom og tilleggssymptom som depresjon. Effekten er best hjå dei som har gjennomført meir enn halvparten av behandlinga.
Les heile artikkelen: The implementation of guided Internet-based cognitive behaviour therapy for panic disorder in a routine-care setting: effectiveness and implementation efforts
Sosial angst
I mai 2018 publiserte vi resultat frå 145 pasientar med sosial angst som har fått behandling med eMeistring. Klinisk signifikant bedring blei rapportert frå 66,2 % av desse pasientane.
Les heile artikkelen: The effectiveness of guided internet-based cognitive behavioral therapy for social anxiety in a routine care setting
Depresjon
I august 2019 blei resultat frå ei studie med 105 pasientar som har fått behandling i eMeistring for depresjon publisert. 48 % av pasientane som gjennomførte hoveddelen av behandlinga hadde klinisk signifikant bedring.
Les heile artikkelen: Effectiveness of guided Internet-delivered treatment for major depression in routine mental healthcare