Depresjon - internettbehandling

Hovudsymptoma på depresjon er tristhet mesteparten av tida, nedsett interesse for ting du vanlegvis likar, mindre initiativ og ei kjensle av å vere veldig trøytt. Depresjon er veldig vanleg og rammar ca. 17 % av befolkninga på eit eller anna tidspunkt i livet.

Depresjon. Foto.
 

​Når du er deprimert har du i tillegg hatt nokre av desse symptoma, mesteparten av tida, i minst to veker: 

  • Problem med å sove, eller for mykje søvn 
  • Vanskar med å konsentrere deg eller å ta avgjersler
  • Låg sjølvtillit 
  • Anten lite matlyst eller auka appetitt 
  • Grunnlaus skuldkjensle 
  • Kjensle av å være enten «gira» eller at alt går sakte 
  • Sjølvmordstankar 
  • Irritasjon 
  • Tendensar til å engste deg

Når ein er deprimert er det lett å havne i ein vond sirkel der mindre aktivitet gjer deg mindre energi og glede, som igjen fører til mindre aktivitet og så vidare. For å få det betre treng ein å bryte denne sirkelen. Det gjer ein enklast ved å gjere meir av det som gjer ein godt, sjølv om det ikkje kjennast rett der og då.
 
Gjennom behandlinga i eMeistring skal du få lære korleis du kan bryte denne vonde sirkelen og skape ein betre kvardag.

Første modul i behandlingsprogrammet for depresjon (pdf)

eMeistring si behandling for depresjon bygger på boka «Ut ur depression och nedstämdhet med kognitiv beteendeterapi: ett effektivt självhjälpsprogram» av Gerhard Andersson, Jan Bergström, Fredrik Holländare, Jan Lenndin och Kristofer Vernmark.  

Slik foregår eMeistringsbehandlinga for depresjon - trinn for trinn