Tannhelse

Ulike formar for tannbehandling kan gje karantene.

Enkel tannbehandling hjå tannlege eller tannteknikar, borring og fylling gir 24 timars karantene.

Etter meir omfattande tannbehandling som rotfylling, tanntrekking osv., skal ein vente minimum 1 veke etter avslutta behandling.

Dersom du har tannverk, infeksjon i tannkjøttet, eller er under behandling skal du ikkje gi blod.​

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.