Sjukdom og infeksjonar

Du må føle deg frisk for å gi blod. Dersom du har vært sjuk, har fått utført inngrep eller går på medisinar kan du få karantene. 

Infeksjonar

​Du må føle deg frisk for å gi blod.
Enkelte sjukdommar kan overførast med blod frå givar til mottakar. Av den grunn kan du ikkje gi blod når du er eller nettopp har vore sjuk.

Du kan heller ikkje gi dersom det er risiko for at du er berar av ein smittsam sjukdom.

Har du vore forkjøla eller hatt halsvondt utan feber skal du vente minimum 1 veke etter at du har blitt frisk att.

Dersom du har vore sjuk med feber, skal du vente 2 veker (evt. 2 veker etter avslutta antibiokabehandling).

For meir alvorlege infeksjonar er det lengre karantene. Dette gjeld for eksempel dersom du har hatt eit komplisert og langvarig forløp, vore innlagt på sjukehus eller fått intravenøs behandling. Kontakt Blodbanken og avklar kor lenge du skal vente før du gir blod igjen.

Sjukdom og operasjonar

Enkle inngrep og større operasjonar gir karantene frå 1-12 månader.

Ta derfor kontakt med Blodbanken for å avklare kor lang tid du skal vente.

Det er 6 månader karantene etter endoskopiundersøkingar (gastroskopi, koloskopi osv.) og minimum 6 månader karantene etter kikholskirurgi. I tillegg må også årsak til at undersøkinga vart gjort vurderast. Er du framleis under medisinsk utgreiing/ behandling skal du ikkje gi blod.

Nokre sjukdommar kan føre til at du lettare kan få biverknadar av blodtapet ved ei blodgiving. Det gjeld for eksempel hjarte/kar- og lungesjukdommar. For mange kroniske sjukdommar er det heller ikkje tilrådd å gi blod av hensyn til givaren si eiga helse.

Ta kontakt med Blodbanken​ for å avklare om du kan gi blod.

Givarar som har eller har hatt kreftsjukdom kan ikkje bli blodgivar.

Medikament

​Dersom du bruker medisinar, må det avklarast i kvart tilfelle om du kan gi blod eller ikkje.

Nokre medisinar kan vera skadelege for mottakar, medan bruk av andre medisinar vil bety at du har ein tilstand der det ikkje er tilrådeleg at vi tappar blod av deg. Det kan også vere at medisinen kan føre til at du tåler blodtap dårleg.

Så lenge du føler deg frisk er det mogeleg å gi blod sjølv om du bruker visse typar medisinar.

Her er ei oversikt over nokre vanlege medisinar i forhold til blodgiving:

Antibiotika

Ikkje gi under behandling. Vent minimum 2 veker etter avslutta kur.

Dersom du står på langvarig lavdosebehandling mot acne kan du likevel gi blod.

Antihistamin (allergimedisin)

Kan gi blod dersom du ikkje har symptomgivande allergi.

Blodtrykksmedisin

Kan gi blod med ein del av medisinane mot høgt blodtrykk, reglane for dette blir endra høsten 2013. Du må ha brukt medisinen i minst 3 månader, blodtrykket skal vere velregulert og du kan ikkje ha alvorlege biverknader, spesielt ikkje svimmelheit. Du kan ikkje bruke meir enn 2 ulike blodtrykksmedikament samtidig. Ring for å avklare før du kjem hit, dersom du har begynt på slike medikament. Har du hjartesjukdom i tillegg til høgt blodtrykk, kan du ikkje vere blodgivar.

P-pillar

Kan gi blod.

Smertestillande medikament

Paracet gir ikkje karantene. For Ibux og liknanede medisiner (Voltarol, Voltaren, Naproxen osv.) er det 5 dagars karantene dersom blodet du gir skal brukast til å lage blodplateprodukt eller dersom du skal gi blodplater på aferesemaskina.

Det er viktig at du oppgir bruk av smertestillande medikament då årsaka til at du har tatt slike kan gjere at du bør vente med å gi blod.