Reise

Reiser til ein del stader i verda medfører at du må vente med å gi blod i ein periode etter at du er kommen heim grunna risiko for sjukdomssmitte. Venteperioden kallast karantene.

Malariaområde: 

Ved reise til og opphald i område der det er malaria må du vente med å gi blod til det har gått 1 år etter at du er kommen heim igjen. Ring oss for å avklare om staden du har vore på reknast som malariaområde, slik at du ikkje kjem forgjeves til Blodbanken. 

 
Ver oppmerksom på at sjølv om du ikkje har fått råd om å ta malariaprofylakse, kan du måtte vente med å gi blod. Dette betyr ikkje at du evt. har fått feil anbefaling i forhold til malariaprofylakse i forkant av reisa di, men reglane for blodgiving er slik at dersom du har vore i område med risiko for malariasmitte, om enn kortvarig, må vi ta omsyn til dette.


Zikaområde: 

Ved reise til og opphald i område der det er zika må du vente med å gi blod til det har gått 4 måneder. Du får karantene også om det bare er din partner som har vært i zikaområde.
Sjekk land/områder her


Område UTAN karantene etter heimkomst

 Europa

 Andorra ​​​ Italia* Monaco Storbritannia***
 Belgia Kroatia* Nederland Sveits
 Danmark Latvia Polen Sverige
 Finland Liechtenstein Portugal (inkl. Madeira og Azorene) Tsjekkia
 Frankrike Litauen San Marino Tyrkia**
 Hellas* Luxembourg Slovakia Tyskland
 Irland Makedonia Slovenia Ungarn*
 Island Malta Spania (inkl. Kanariøyene) Østerrike*

 

Australia og New Zealand

Ingen karantene

 

USA og Canada

Ved avreise frå området mellom 1. desember – 31. mars er det ingen karantene.

 
 *  Karantene på 4 veker etter reise til visse deler av desse landa grunna utbrot av West-Nile-virus; Kontakt Blodbanken for å avklare dette. 
 
 ** Det er malaria i deler av Tyrkia. Kontakt Blodbanken for å avklare dette.
 
 *** Dersom du har budd i Storbritannia i mer enn 1 år til saman i perioden 1980 - 1996, kan du ikkje bli blodgivar grunna risiko for Creutzfelt Jakob sjukdom.
 

Område med 4 vekers karantene etter heimkomst: 

Andre europeiske land


 Albania ​​ Estland  Moldova  Serbia og Montenegro
 Bosnia og Herzegovina Hviterussland Romania Ukraina
 Bulgaria Kypros Russland 

 
Opphald i mindre enn 6 månadar, vent 4 veker. ​
Opphald i meir enn 6 månadar, vent 6 månadar.
         

USA og Canada

Ved avreise frå området mellom 1. april – 31. november; vent 4 veker.

Afrika, Sør- og Mellom-Amerika, Asia

Opphald i malariafrie område i mindre enn månadar, vent 4 veker. 
Opphald i malariafrie områder i meir enn 6 månadar, vent 6 månadar. 

 

Opphald i område som gjer at ein aldri kan bli blodgivar


 
Følgande gjeld alle land i Afrika unntatt Marokko, Algerie, Tunisia, Libya og Egypt: Opphald i meir enn 5 år samanlagt → kan ikkje bli blodgivar.

 

Personer som er født i, som har en mor født i disse landene, eller som har fått blodoverføring i Sør- og Mellom-Amerika, kan ikke bli blodgivere.


 

Om seksualpartnar sine reiser

Varigheit av utanlandsopphold til blodgivars seksualpartnar kan og vere avgjerande for om ein kan gi blod. Kontakt Blodbanken dersom du har sekualpartnar som har vore på reise / budd lenger enn 6 månadar i Afrika, Sør- og Mellom-Amerika eller i Asia.
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.