Spørsmål og svar

Få svar på 10 spørsmål om blodgiving.

1. Kva gjer eg dersom eg har fått ein time for blodgiving som ikkje passar?

Det er viktig å gi beskjed til Blodbanken om at timen ikkje passar, enten på e-post eller på telefon så vi kan kalla inn ein erstattar for deg.

Vi planlegg nøye kor mange givarar me kallar inn. Vi er på den måten avhengig av at alle stiller for å ha riktig mengde blod i Blodbanken til ei kvar tid.​

2. Må eg ha ein timeavtale for å komme til Blodbanken?


Ja, vi vil gjerne avtale time på førehand for å kunne ha oversikt over kor mange vi kan rekne med og kor mykje blod vi får inn.​

3. Kan eg gi blod når eg er gravid?


 Nei, du skal ikkje gi blod når du er gravid. Det er 12 månaders karantene etter fødsel.​

4. Kan eg gi blod når eg har vore i utlandet?


Dersom du har vore i malariaområde er det 12 månaders karantene. Mange land har karantene på 4 veker. Er du usikker, sjå reisesida eller ta kontakt med Blodbanken slik at du slepp bomtur.​

5. Kan eg trene etter at eg har gitt blod?

Det kan vere lurt å ta det litt roleg og ikkje trene hardt den dagen du har gitt blod​.

6. Kan eg gi blod sjølv om eg har starta med medisinar?

​Om du går på ein medisinkur er det karantene i to veker etter avslutta kur.

Er det medisinar du skal bruke fast eller for ein periode, kan det vere lurt å ta kontakt med Blodbanken for å sjekke om du kan gi blod mens du bruker desse. Sjå også medikamentsida der eit lite utval av dei mest vanlege medisinane er omtala.

7. Kor gammal må ein vere for å bli blodgivar?

Du må vere fylt 18 år for å kunne registrere deg som blodgivar.​

8. Kan eg gi blod når eg slankar meg, eller går på lavkarbodiett?

​Du kan gi blod på diett, så lenge dietten ikkje gjer deg slapp, svimmel eller redusert på nokon måte.

Dietten må heller ikkje vere av ein slik art at du kan pådra deg mangelsjukdommar. Etter ein stor vektreduksjon bør du for sikkerheits skuld melde frå til Blodbanken og få avklart om du kan gi blod eller ikkje.

9. Kor ofte kan ein gi blod?

​Vanlegvis kan ein gi blod kvar 12. veke.

Dersom du gir blodplater på aferesemaskin kan dette skje så ofte som kvar 14. dag, men ikkje kortare tid enn 1mnd etter blodtapping.​

10. Kan eg gi blod om eg har tatovert meg?

Tatovering gir karantene i 6  månader, uavhengig av om det er gjort i Noreg eller utlandet.​