Korleis skjer blodtappinga

Sjå korleis du gir blod - og får gode råd ved blodgiving.

​​​

​Slik gir du blod

Ved kvar blodgiving fyller du ut spørjeskjema, viser legitimasjon og blir intervjua i einerom av personale frå Blodbanken.

Deretter tek du plass i ein behageleg stol på fellesrommet for blodgiving. Ta gjerne med deg drikke frå kjøleskapet og drikk medan du ventar på at sjølve blodgivinga blir sett i gang.

Stikkstaden på armen blir desinfisert og identiteten din blir sjekka slik at vi ser at blodposane er korrekt merka.

Du får eit stikk i armen, gir 450 ml blod, og samtidig blir det teke blodprøvar til testing. Du får så eit plaster på stikkstaden og skal klemme godt på denne dei første minutta. 

Plasteret kan du fjerne etter eit par timar. Etter tapping har du gitt 10-12 prosent av blodvolumet ditt. Volumet vil normalisere seg i løpet av nokre timar. For å unngå uheldige reaksjonar som følgje av væsketapet, bør du kvile i 10-15 minuttar etter blodgivinga og drikke rikeleg under tapping og i timane etter. 

Blodgiving skal ifølgje blodforskrifta vere frivillig og vederlagsfri. Dette er ikkje til hinder for at blodbanken gir deg ei lita gåve. 

Vi gjer merksam på at du til ei kvar tid kan stille dei spørsmåla du måtte ønskje svar på i blodbanken. Personalet har teieplikt. ​

Gode råd ved blodgiving

  1. Det skal gå minimum 3 månader mellom kvar blodgiving.
  2. Du bør ete og drikke litt meir en normalt før og like etter blodgiving.
  3. Dersom du røykjer, ikkje røyk ein halv time før og etter blodgiving.
  4. Kjenner du deg svimmel eller uvel under eller etter tapping, bør du straks leggje deg ned med hovudet mellom knea. Har du opplevd ein slik episode, vil vi gjerne at du kontaktar Blodbanken og fortel oss om hendinga.
  5. Dersom det begynner å blø frå stikkstaden, hev armen, trykk 5-10 minutt på blødingsstaden og set på eit nytt plaster når blødinga er stansa.
  6. Du bør ikkje utsetje deg for harde fysiske belastningar det første døgnet etter blodtapping.
  7. Unngå handlingar som kan setje deg sjølv eller andre i fare dersom du skulle bli dårleg eller svime av dei første 12 timane etter blodgiving. Dette gjeld for eksempel å klatre i stillas, føre fly, tog eller buss, dykke eller Iignande.
  8. For dei fleste blodgivarar er det viktig å få tilskot av jern etter blodgivinga enten gjennom kosten eller tablettar. Jerntablettar får du av blodbank- personalet. Ta tablettane slik personalet anbefaler.
  9. l fire til seks veker etter blodgiving vil blod- prosenten vere lågare enn den brukar. Dette gir vanlegvis ikkje symptom. Dersom du er aktiv i idrett som krev god kondisjon, vil prestasjonene kunne bli litt svakare i ein kort periode.​