Kan eg bli blodgivar?

Sjå kriteria for å kunne gi blod.

Er du mellom 18 og 65 år?

Nye blodgivarar må vere mellom 18 og 65 år.
Registrerte givarar over 65 år kan fortsette å gi blod, men det skal då gjerast ei årleg legevurdering av blodgivaren.

Veg du under 50 kg?

Du må vege over 50 kg, dette er fordi me tappar det same volumet blod av alle blodgivarar, og for personar med lavare vekt enn 50 kg vil dette utgjere ein for stor andel av blodvolumet til at det er forsvarleg.

Har du vore på reise til land med malaria siste året?

Reise til land med malaria siste året gir karantene 1 år etter at du er kommen heim.

Har du hatt kreft eller hjarte/karsjukdom?

Givarar som har eller har hatt kreftsjukdom kan ikkje bli blodgivar. Personar med hjarte/karsjukdom kan heller ikkje bli blodgivar.

Brukar du medisinar eller har du ein kronisk sjukdom?

Dersom du brukar medisinar eller har ein sjukdom, må det avklarast i kvart tilfelle om du kan gi blod eller ikkje. Nokre medisinar kan vera skadelege for mottakar, medan bruk av andre medisinar vil bety du har ein tilstand der det ikkje er tilrådeleg at vi tappar blod av deg.

Er du gravid, har du født for mindre enn 1 år sidan?

Gravide skal ikkje gi blod, det er 1 års karantene etter fødsel.

Har du fått tatovering, hol i øyrene eller piercing siste 6 månadane?

Det er 6 mnd karantene etter tatovering eller piercing uansett om det er gjort i Norge eller i utlandet. Hål i øyrane gir også 6 månadar karantene med mindre det er brukt sterilt eingangsutsyr.

Ved piercing i slimhinner kan ein ikkje gi blod, vent då 1 mnd etter at piercing i slimhinner er tatt ut.

Gastroskopi, koloskopi eller kikholskirurgi siste 6 månadar? Under medisinsk utgreiing?

Det er 6 mnd karantene etter endoskopiundersøkingar (gastroskopi, koloskopi), og minimum 6 mnd karantene etter kikholskirurgi. I tillegg må også årsak til at undersøkinga vart gjort vurderast og om ein framleis er under medisinsk utredning/ behandling skal ein ikkje gi blod.

Ny seksualpartnar siste 6 månadar?

Dersom du har hatt ny seksualpartnar siste 6 månadar må du vente med å gi blod. Dersom seksualpartnar er frå eit land med høg forekomst av HIV eller hepatit​t C får du lengre karantene. Ring oss for å avklare om dette gjeld deg. Menn som har sex med menn får ikkje gi blod.

Har du brukt narkotika?

Dersom du bruker narkotiske stoff kan du ikkje gi blod, og det er 1 års karantene etter bruk av narkotiske stoff. Dersom du har brukt narkotiske stoff i form av sniffing eller injeksjonar kan du ikkje bli blodgivar.

Farlig arbeid / hobby?

Etter givningen bør det gå minst 12 timer før giver vender tilbake til slik virksomhet. Dette gjelder f.eks flygere, buss- og togførere, taxisjåfører, kranførere, fjellklatrere, folk som ferdes på stiger og stillaser, og dykkere. En del yrker og hobbyer har egne regler for blodgivning. Dersom disse er forskjellige fra denne regelen, er det strengeste regel som gjelder.

Relevante lenker


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.