Fakta om blod

Ein vaksen person har stort sett mellom 4 og 6 liter blod i kroppen, avhengig av kjønn, høgde og vekt. Blodet transporterer oksygen i kroppen, vernar mot infeksjonar, sørgjer for næring til alle cellene i kroppen og fjernar avfallstoff.

Blodet er se​​​tt saman av:


 
  • ​Raude blodceller som inneheld hemoglobin. Hemoglobin transportere​r oksygen frå lungene og ut til alle utkantar i kroppen. Jern er ein viktig del av hemoglobinet.
  • Kvite blodceller som er ein del av kroppen sitt forsvar mot infeksjonar.
  • Blodplater (trombocyttar) som er med på å stoppe blødingar.
  • ​Plasma som blant anna inneheld vatn, salt, protein, koagulasjonsfaktorar (bestanddelar av blodet som er med og stansar blødingar) og immunoglobin (antistoff mot infeksjonar). 

​Kva blodtypar treng blodbanken?


 
Blodtypane er arvelege eigenskapar på dei raude blodcellene. Dei viktigaste blodtypesystema er ABO-systemet og Rh-systemet. 

 
I den norske befolkninga er fordelinga slik: 

 
A+ (41,7 %), A- (7,3 %), O+ (33,2 %), O- (5,8 %), 
B+ (6,8 %), B- (1,2 %), AB+ (3,4 %), AB- (0,6 %)

 
​Fordelinga er lik hjå givarar og mottakarar, og av den grunn treng Blodbanken alle blodtypar. Kva blodtype du er, finn vi ved ei blodprøve.

 
Kva gjer blodbanken med blodet ditt?

 
Blodet kan bli behandla litt forskjellig frå blodbank til blodbank, avhengig av rutinar og behov. 

 
Blodposen blir sentrifugert for å skilje raude blodceller, blodplater og plasma. På denne måten kan Blodbanken lage separate blodprodukt og gi til fleire pasientar med ulike behov. 
Alle blodprodukt blir sett i karantene til Blodbanken har fått svar på alle smittetestar.

 

Blodet blir delt i følgande bestand​​​deler: 

R​aude b​lodceller

Dette produktet kallast ofte SAGM eller berre blod, men det er ikkje det same som det blodet vi tappar ut.

 
Etter bearbeidinga er det berre dei raude blodcellene som er igjen saman med ei tilsetningsveske med salter og næringsstoff slik at dei raude blodcellene overlever lagringstida i posen.

 
Blodet blir filtrert for å fjerne kvite blodceller som mellom anna kan gi pasienten feberreaksjon.   

 

Plas​ma

Den blanke gule veska som vi skil frå cellene i blodet kallast plasma. Denne blodbestanddelen blir raskt frosen ned og sendt i store parti til fabrikkar i utlandet som framstiller ulike plasmaprodukt som koagulasjonsfaktorar (bløderfaktorar), albumin, immunoglobin m. fl.

 
Desse produkta må sjukehusa bestille tilbake etter behov. Grunnen til at plasma blir sendt til utlandet er at det ikkje finst slike fabrikkar i Noreg.

 

Blo​dplater

Når vi lagar dette produktet brukar vi blodplatene frå 4 ulike blodgivarar med same blodtype, og blodplatene blir skilt frå dei raude og dei kvite blodcellene. 

 
I blodplateproduktet er det plasma frå dei 4 blodgivarane og i tillegg ei tilsettingsveske med salter og næringsstoff for blodplatene. 

 
På bildet av blodplateposen ser du at vi held posen opp mot lyset. Dette er for å sjå etter «glimmerskyer», eit fenomen som kallast «svirling». Dette er eit teikn på at blodplatene er friske og klare til å gjere ein innsats i pasienten som skal få dei.   

 
Vi har også blodplateprodukt som kjem frå ein givar, kalla afereseplater. 

 
Dette kan du lese meir om under "Aferesegiving" på sida "Fakta om blodgiving​".

 
Vil du teste din kunnskap om blod? Her finner du quiz om blod  

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.