Blodbussen

Du kan gi blod der du jobbar eller bur!

​​​​​​​​​​​​​​​​​​Blodbussen parkert på parkeringsplass. Foto

Blodbussen er ein mobil blodtappestasjon.  Det er like trygt å gi blod i bussen som på sjukehuset.  ​

Blodbussen besøker større arbeidsplassar og sentrale  stadar i Bergensområdet. Bussen besøker dei ulike stoppe- stadane med jamne mellomrom, kor ofte er avhengig av kor  mange givarar som er knytta til stoppestaden. Blodbussen er  til dømes på Festplassen stort sett kvar måndag og annen hver fredag (se kjøyreruten for Blodbussen).

Sjå Google-kart med Blodbussen sine stoppestadar

Blodbussen er i drift fire dagar i veka, måndag til torsdag.  Gi beskjed i Blodbanken, send ein e-post eller skriv bak på spørjeskjemaet (pdf) om du ønsker å gi blod på Blodbussen.  

Blodbussen har fem tappestolar av same type som på  sjukehuset, og du ligg behageleg medan du gir blod under  tilsyn av vårt fagpersonell. 

Bussen er ei gåve frå Norges Røde Kors til Helse Bergen og har vore i drift sidan 2007.  

Sjå alle sto​​ppestadene  

  • Aker Solution Sandsli
  • Arna - Øyrane Torg
  • ​Askøy - Askøy senter på Kleppe
  • Bergen sentrum -Festplassen
  • Fyllingsdalen-Oasen v/ Tryg
  • Lagunen Storsenter
  • Knarvik-v/Nordhordlandshallen
  • Os - Amfi Os
  • Osterøy - v/Tide Skyss 
  • Solheimsviken - v/Kranen
  • Sotra - v/bensinstasjon Uno-X 
  • Statoil Sandsli - Sandslivegen 90, v/ inng. Q
  • Telenor - Kokstad
  • Åsane v/Åsane Storsenter

Her finn du blodbussen