Forskingsprosjekt

Ved forskingssenteret Bergen Center for Brain Plasticity blir det både utvikla og benytta konsentrert behandlingsformat i behandlinga av psykiske lidelsar. Dette gir ein gylden moglegheit til å forske på korleis genetikk, epigenetikk og hjernen, påverkar og blir påverka av, våre erfaringar og livsstil.

Trond Mohn stiftelse, Kavli, UiB, Haukeland Universitetssykehus

Trond Mohn stiftelse, Kavlifondet, Haukeland Universitetssjukehus og Universitetet i Bergen har saman etablert eit nytt forskingssenter for mental helse - Bergen Center for Brain Plasticity. For liste over publikasjonar, sjå denne sida.

Hjerneavbilding (fMRI) 

Bergen 4-dagers behandling hjelper mange pasientar med OCD å bli friske.  Men kva er det eigentleg som skjer i hjernen etter behandling? Bergen Center for Brain Plasticity forskar på nettopp dette. 

Hjerneavbilding blir utført dagen før behandlinga startar, ei veke etter og deretter etter tre månader. Kombinasjonen av konsentrert behandling og hjerneavbilding direkte etter behandling gir ein unik moglegheit til å hjelpe oss med å forstå korleis behandling kan forandre hjernen.

Hjerneavbildingsprosjektet blir leia av Dr. Odile van den Heuvel og Dr. Olga Ousdal.


Genetikk og epigenetikk

Påverkar genane våre kor mykje vi dreg nytte av behandlinga, og kan behandling påverke epigenetikken vår og korleis genane kjem til uttrykk? Desse spørsmåla vil bli besvart av studiar basert på biobanken vår.
Dr. Jan Haavik og Jim Crowley leder arbeidspakken for genetikk, mens Dr. Stephanie Le Hellard og Kerry Ressler leder arbeidspakken for epigenetikk.


Behandlingsstudiar

B4DT er ein praktisk, evidensbasert og konsentrert eksponeringsbasert behandling. Den bygger på fire tiår med empirisk forsking og teori om den mest effektive tilnærminga til OCD-behandling. 

Styrken til B4DT, er at metoden kombinerer dei mest effektive elementa innan denne type behandling, for å skape ein av dei mest djuptgåande, effektive og robuste behandlingsmetodane vi har sett dei siste åra.

Basert på arbeidet med B4DT, ble Gerd Kvale og Bjarne Hansen kåret av TIME Magazine, til å være to av de 50 mest innflytelsesrike menneska innan helsevesenet i 2018. 

Drs. Gerd Kvale og Bjarne Hansen vil samman med Dr. Thröstur Björgvinsson lede de psykologiske delane av forskingsprosjektet. Dr. Lars-Göran Öst er engasjert som samarbeidspartner.
 





Fann du det du leita etter?