Klimaendringar er eit globalt spørsmål og kjenner ingen landegrenser. Det er viktig at me stoppar auka av gjennomsnittstemperaturen til 1,5 °C dersom verda ønskjer å sleppe katastrofale konsekvensar i framtida.
FNs klimapanel har satt to gradars temperaturauke som grense for kva naturen kan tåle. Stig temperaturen meir enn det, vil klimaendringane kome ut av kontroll. På klimatoppmøtet i Paris i 2015 blei verdas leiarar einige om ein ny avtale. Der forpliktar landa seg til å gjere alt dei kan for at temperaturen ikkje skal stige meir enn to gradar, og helst ikkje meir enn 1,5 gradar.
Helse Bergen arbeider etter miljøstandarden ISO 14001, og er miljøsertifisert. Miljøstandarden fortel korleis ein best mogeleg kan arbeide med miljø, og sjukehuset må vise til ein kontinuerleg miljøforbetring.
Helse Bergen har klimarekneskap knytt til den årlege Samfunnsansvarsrapporten for Spesialisthelsetenesta. Dette rekneskapet omhandlar direkte utslepp frå olje- og gassforbruk og transport, samt indirekte utslepp frå energiforbruket. I tillegg utarbeider sjukehuset annakvart år eit utvida klimarekneskap som også inkluderer indirekte utslepp ved innkjøp av varer og tenester. Dette gjer at sjukehuset har ein heilskapleg oversikt over klimagassutsleppa frå sjukehusdrifta. Klimarekneskapet inneheld også korleis sjukehusdrifta sine klimagassutslepp er i forhold til 1,5- gradarsmålet.
Målet er å bruke klimarekneskapet endå meir aktivt i styring og avgjersler ved sjukehuset, for å sikre kontinuerleg forbetring.
Med utgangspunkt i resultata frå klimarekneskapet og anna miljødata utarbeider vi miljøhandlingsplanen til sjukehuset. Den inneheld mål og tiltak knytt til reiseaktivitet, innkjøp, energi og forbetringar knytt til organisering av miljø- og klimaarbeidet.
Sjå klimarekneskapet og miljørapportane