HELSENORGE
Berekraftsmål 17

Samarbeid for å nå måla

Helse Bergen samarbeider med mange ulike aktørar og på ulike område både i sjukehus-norge, og utanfor sjølve kjerneverksemda. 

FNs berekraftsmål nummer 17: Samarbeid for å nå måla. Grafikk

Avdeling for Internasjonalt samarbeid

Avdeling for Internasjonalt samarbeid (AIS) i Helse Bergen blei etablert i 2003, og har sidan den gong koordinert dei internasjonale prosjekta ved Haukeland universitetssjukehus (HUS). Meir enn 30 avdelingar og einingar ved HUS er engasjert i internasjonale helseprosjekt, og til ein kvar tid er 15-20 tilsette på utveksling mellom samarbeidssjukehusa. 

Interregionalt samarbeidsutval for klima og miljø

Det interregionale samarbeidsutvalet for klima og miljø (Grønt sjukehus) koordinerer aktivitetar innanfor miljø og berekraft i spesialisthelsetenesta. Sykehusinnkjøp HF og Sykehusbygg HF er også representerte i samarbeidsutvalet. Kvart år blir det arrangert ein nasjonal Miljø- og klimakonferanse, og spesialisthelsetenesta publiserer ein rapport for samfunnsansvar (inkludert klimarekneskap). Kvar region koordinerer og leiar regional miljøfaggruppe, og det blir arrangert Miljø- og klimaforum to gongar i året, som er ein fellesarena for dei fire regionale miljøfaggruppene. 

Helseføretaka rapporterer årleg på klimagassutslepp knytt til forbruk av olje, gass, energi, transport og ein del andre miljøaspekt. Årleg rapportering av klimarekneskapet bidrar til at helseføretaka overvaker utslepp i større grad enn tidlegare. Klimarekneskapet blir publisert årleg i Spesialisthelsetenesta sin rapport for samfunnsansvar:

Klimapartnere Vestland

Helse Bergen er medlem av Klimapartnere Vestland som er eit nettverk for private og offentlege verksemder som ønsker å redusere klimagassutsleppa  og fremje grøn verdiskaping. 

Plastsmart bedrift

Helse Bergen deltar i prosjektet Plastsmart bedrift i regi av Bergens næringsråd. Hensikta er blant anna å få ei oversikt over plastprodukta som kan gå til resirkulering, og auke resirkulering av dei plastprodukta som sjukehusa forbrukar. Mellom anna ser ein  på muligheita for å sortere ut PVC-produkt og andre einsarta plastprodukt for å kunne materialgjenvinne desse i Norge. Kartlegginga av plastprodukt tar utgangspunkt i Helse Bergen sitt forbruk, men har overføringsverdi til alle sjukehus i Noreg. 

Arbeidslivskriminalitet og sosial dumping

Helse Bergen HF er ein del av Seriøsitetsforum Vest. Dette er eit samarbeid om seriøsitet i offentlege byggeprosjekt.
Det blir utført kontrollar på løns- og arbeidsvilkår gjennom heile byggefasen i byggeprosjekta til Helse Bergen HF. Arbeidsmetodikken følgjer tilrådingane frå ANS (Digitaliseringsdirektoratet - Avdeling for offentlege innkjøp). 
Fann du det du leita etter?