HELSENORGE
Berekraftsmål 7

Rein energi for alle

Helse Bergen arbeider kontinuerleg for best mogeleg utnytting av energien. Det er etablert ei energigruppe som tildeler midlar til ulike ENØK-tiltak. Dette er tiltak som ikkje går under det vanlege drifts- eller investeringsbudsjettet. Driftspersonell kan søkje om midlar til ENØK-tiltak.

FNs berekraftsmål nummer 7: Rein energi til alle. Grafikk

Energileiing

Tiltaket med størst effekt er foreløpig ombygging av varmesentralen i vaskeriet. På vaskeriet til Haukeland universitetssjukehus har vi ved å utnytte restvarme frå maskin​er, kondensat og damp seinka det årlege forbruket av tilført fjernvarme med over 350.000kWh. Vi har også seinka årleg forbruk av strøm med over 130.000 kWh ved å bytte til frekvensstyrt pumpe på tilførsel av matevatn til kjelane. 

Frå starten i 2013 og fram til no i 2020 er det gjennomført ENØK-tiltak som gjer innsparingar på rundt 12 000 MWh per år.

Miljøvenleg nybygg og ombyggingar 

Prosjektkontoret til sjukehuset utarbeider miljøplanar for alle nye byggeprosjekt. Når ein tar miljøperspektivet inn i prosjektet frå starten av, aukar sjansen for ein god miljøprestasjon. Miljøplanane inneheld blant anna miljømål innan energiforbruk, avfall, materialval og innovasjon. Ved nybygg skal klimabelastninga på bygget dokumenterast. 

Barne- og ungdomsklinikken byggetrinn II er eit eksempel på eit bygg som tar i bruk nye, innovative energiløysningar. I Barne- og ungdomssjukehuset II vil berggrunnen bli nytta til lagring av varme og kulde, og sola til produksjon av strøm i solceller i vindauga. Det nye Barne- og ungdomssjukehuset vil produsere mykje varme. Restvarmen vil bli overført til Sentralblokka og bli brukt til å varme opp tappevatnet der. Når bygget er i drift, vil det bli overført rundt 500.000 kWh til Sentralblokka frå Barne- og ungdomssjukehuset. Solceller i vindauga er ein løysning som ikkje er brukt i Norge tidlegare. Målet er at solcellene i glasa skal produsere nok strøm til lading av el-bilane på  Barne- og ungdomssjukehuset.  

ENOVA støttar Barne- og ungdomssjukehuset II fordi løysningane har potensiale nasjonalt og internasjonalt til å effektivisere energiforbruket og gje reduksjon i klimagassutslepp.

Fossilfri verksemd innan 2030

Helse Bergen har sett seg som mål å vere fossilfri verksemd innan 2030 i tråd med Bergen kommune sin Grøne strategi og etter ønske frå klimanettverket Klimapartnere Vestland. Fossilfri verksemd er i denne samanheng klimagassutslepp knytt til direkte utslepp frå bruk av olje- og gasskjelane, og utslepp frå transport.

Det er allereie starta eit arbeid med å fase ut bilar med fossilt drivstoff, og for eksempel er fossilfrie køyretøy no førstevalet når det er behov for å skifte ut bilar. Pr. no (mai 2021) har vi 135 bilar med fossilt drivstoff, og 43 elbilar. Arbeidet med å kartleggje vidare behov for ladestasjonar til bilparken er starta. Foreløpig er ikkje transport knytt til ambulansar inkludert i arbeidet.

Fann du det du leita etter?