HELSENORGE
BEREKRAFTSMÅL 4

God utdanning

Ei av hovudoppgåvene til sjukehuset er utdanning av helsepersonell. Sjukehuset har eit nært samarbeid med høgskular og universitet. Utdanning og kompetanseheving av tilsette er eit viktig mål for oss.

FNs berekraftsmål nummer 4: God utdanning. Grafikk

Målet om God utdanning omhandlar ikkje berre retten til skulegang, men også at ein får gode lærarar og kvalitet i undervisninga – heile vegen frå barneskulen til universitetet. 

Utdanning er nøkkelen til utvikling, og opnar ei verd av moglegheiter som gjer at kvar enkelt av oss kan bidra til eit berekraftig samfunn.

Helse Bergen har ei eiga avdeling for internasjonalt arbeid. Meir enn 30 avdelingar og einingar ved sjukehuset er engasjerte i internasjonale helseprosjekt, og det er til ein kvar tid 15-20 tilsette på utveksling mellom samarbeidssjukehusa.

Fann du det du leita etter?