HELSENORGE
Berekraftsmål 3

God helse og livskvalitet

Helse Bergen har om lag 13.000 tilsette som kvar dag har som mål å gje best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. I 2021 hadde vi rundt 984.000 pasientmøte. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår. Vi arbeider for å knyte til oss dei beste fagfolka og vil legge til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste.

FNs berekraftsmål nummer 3: God helse og livskvalitet. Grafikk

Hovudoppdraget vårt er:

1. Pasientbehandling

Helse Bergen er eit lokalsjukehus, men har også nasjonale og regionale tenester. Nasjonale tenester er mellom anna avansert brannskadebehandling  og elektiv (planlagt) hyperbar oksygenbehandling. Innanfor regionale tenester er det mellom anna leppe-kjeve-ganespaltekirurgi, usikker somatisk kjønnsutvikling og allogen stamcelletransplantasjon.

2. Utdanning av helsepersonell

Vi har eit nært samarbeid med høgskular og universitet. Utdanning og kompetanseheving av tilsette er eit viktig mål for oss.
Helse Bergen har ei eiga avdeling for internasjonalt arbeid. Meir enn 30 avdelingar og einingar ved sjukehuset er engasjerte i internasjonale helseprosjekt, og det er til ein kvar tid 15-20 tilsette på utveksling mellom samarbeidssjukehusa.

3. Opplæring av pasientar og pårørande

Lærings- og meistringssenteret i Bergen (LMS) jobbar for at pasientar, brukarar og pårørande skal få informasjon og kunnskap, og at dei skal få hjelp til å handtere og meistre langvarig sjukdom og endringar i helsa si. 

4. Forsking

Gjennom forskinga vår sikrar vi stadig betre og meir moderne behandling. Vi har Noregs nest største medisinske og helsefaglege forskingsmiljø.
Fann du det du leita etter?