HELSENORGE
Berekraftsmål 12

Ansvarleg forbruk og produksjon

Berekraftig forbruk og produksjon handlar om å gjere meir med mindre ressursar. I sjukehuset er det et stort forbruk av materiell, og det er vesentleg å redusere unødig forbruk av ressursar, sikre gjenvinning og ombruk og redusere avfallsmengdenei alle delar av livssyklusen. Spesialisthelsetenesta har ein stor innkjøpsmakt og skal vere ein pådrivar for miljøvennleg innkjøp og sirkulær økonomi.

FNs berekraftsmål nummer 12 - Ansvarleg forbruk og produksjon. Grafikk

Måling av mikroplast i avløpsvatnet frå vaskeriet gir viktig kunnskap for innkjøp av klær til sjukehuset.​ Helse Bergen har i samarbeid med NORCE målt utslipp av mikroplast frå avløpsvatnet ved vaskeriet på Haukeland. 

Det er gitt økonomisk støtte frå Handelens miljøfond til å føreta analysane og skrive rapport:

Rapport:​ Måling av mikroplast i næringsvaskeri (PDF)

Analysane frå vask av ulike tekstilar viser at uniformar med bomull og plast (50/50%) slepp ut meir partiklar og mikroplast enn uniformar med Lyocell og plast (50/50%). 

Det viser at uniformene med Lyocell og plast er meir haldbare og kan vaskast fleire gonger enn uniformar med bomull og plast. Det betyr at ved å bruke uniformar av Lyocell og plast kan ein redusere innkjøp av nye uniformar  og avløpsvatnet inneheld mindre partiklar og mikroplast som igjen gir mindre miljøskadeleg utslipp. 

Fann du det du leita etter?