HELSENORGE
Berekraftsmål 8

Anstendig arbeid og økonomisk vekst

Helse Bergen kjøper inn mange varer og tenester kvar dag. Gjennom arbeidet til Sykehusinnkjøp HF og systematisk kontroll av våre byggeprosjekt, arbeider vi for at alle skal ha anstendige arbeidsforhold.

FNs berekraftsmål nummer 8: Anstendig arbeid og økonomisk vekst. Grafikk

Arbeidslivskriminalitet og sosial dumping

Helse Bergen HF er no ein del av Seriøsitetsforum Vest. Dette er eit samarbeid om seriøsitet i offentlege byggherreprosjekt.

Det blir utført kontrollar på lønns- og arbeidsvilkår gjennom heile byggefasen i byggeprosjekta til Helse Bergen. Arbeidsmetodikken følgjer tilrådingane til ANS (Digitaliseringsdirektoratet - Avdeling for offentlege innkjøp). 

Alle handverkarar som skal jobbe i Helse Bergens eigedomsmasse, må ha gyldig HMS-kort for å få tilgang til å utføre arbeid.

HMS-korta blir registrerte i Infotech sitt system for oversiktslister, som er eit mannskapsregistreringssystem over kven som til kvar tid er inne og utfører arbeid.

Det blir utført kortkontrollar der ein går ute og sjekkar at dei som arbeider har kort, og at dei har registrert seg i oversiktslistene.

Dei som ikkje har registrert seg, får åtvaring, og melding blir sendt arbeidsgivar. Ved brotet til 3. gong på regel om registrering, vil vedkommande bli bortvist.

Vi har krav om eigenrapportering i samsvar med tilrådingane til ANS, som seier noko om turnover i bedrifta, talet på tilsette, prosent utanlandsk arbeidskraft og underleverandørar.

Helse Bergen krev at kvar og ein som skal utføre arbeid skal kunne kommunisere på norsk eller engelsk. Dette for å ta vare på sikkerheita på byggeplassane.

Det blir utført kontrollar på løns- og arbeidsforhold i samsvar med tilrådingane til ANS.

Alle bemanningsbyrå skal vere registrerte i Arbeidstilsynets register for godkjente bemanningsbyrå, dei som ikkje er registrerte, kan ikkje utføre arbeid for Helse Bergen.

Sykehusinnkjøp HF

Sykehusinnkjøp HF er eit nasjonalt innkjøpsføretak som gjennomfører anskaffingar for heile sjukehus-norge. Sykehusinnkjøp HF har etablert ei eiga avdeling for samfunnsansvar. Dei innmeldte behova for anskaffingar frå føretaka blir gjennomgåtte og vurderte i forhold til dei tre hovudområda miljø, etisk handel og sosial dumping. 

Arbeidet med samfunnsansvar i Sykehusinnkjøp

Fann du det du leita etter?