Beredskap

Beredskap handlar om å vere førebudd til å takle ulike typar hendingar. Haukeland universitetssjukehus er den største beredskapsorganisasjonen i regionen. Sjukehuset skal vere førebudd på ulike typar hendingar til ei kvar tid, beredskap er såleis ein integrert del av den daglege verksemda.

​Mediekontakt

Vi hjelper journalistar med opplysningar og formidlar kontakt med ulike fagfolk eller leiinga ved sjukehuset så langt råd er.

Kontakt Kommunikasjonsavdelinga:
info@helse-bergen.no
Vi les kun e-post kvardagar i ordinær kontortid dersom ikkje anna er avtalt.
Telefon: (+47) 55 97 60 00 - kvardagar kl. 08.00 - 15.30
Vakttelefon: (+47) 95 89 04 45 - utanom vanleg kontortid. Vi har heimevakt og er ikkje til stades på sjukehuset. Førespurnader som ikkje er akutte bør skje på kvardagar i kontortida.

 

Dette betyr grøn, gul og raud beredskap

Grøn beredskap
Einuavklart situasjon, der det kan bli behov for ekstraordinære ressursar og tiltak. Det er eit avgrensa behov for ekstra ressursar. Situasjonen krev auka merksemd.

Gul beredskap
Ei uønskt hending med avgrensa omfang har skjedd. Situasjonen må handterast med utvida innsats eller ekstraordinære ressursar og tiltak.

Raud beredskap
Ei alvorleg uønskt hending har skjedd. Det er stort behov for ekstraordinære ressursar og tiltak.


Regional helseberedskap

God krisehandtering føreset god kommunikasjon, samhandling og klar rolleforståing. Dette oppnår vi gjennom gode beredskapsplanar og gode rutinar, som vi øver kontinuerleg på.
Regional helseberedskapsplan for Helse Vest er ein rammeplan som beskriv roller og ansvar i ei krise, både når det gjeld administrasjon, førebygging og handtering.
Føringane som er lagde i denne planen, skal speglast av i beredskapsplanane i helseføretaka, slik at beredskapsarbeidet i Helse Vest står fram som heilskapleg og samordna.
Regional helseberedskapsplan (PDF)


Nasjonal helseberedskap

Nasjonal helseberedskapsplan - PDF (regjeringen.no)Kriseinfo.no

Smittevern

Regional smittevernplan (PDF)Pandemi.no (Folkehelseinstituttet)