Videokonsultasjon via Skype for Business ved Barne- og ungdomsklinikken

Barne- og ungdomsklinikken

Informasjon til pasient som skal bruke videokonsultasjon mot Helse Bergen med Skype for Business
Det er ein del omsyn som må tas for at videokonsultasjonen skal bli bra, så vi ber deg som pasient å lese denne informasjonen nøye.

Innledning

Teieplikt og personvern

På same måte som ved fysisk oppmøte, vil Helsepersonellova og Pasientrettigheitslova sine reglar om teieplikt vere styrande for sjølve samtalen og behandling av informasjon som kjem fram under samtalen. Relevante og nødvendige helseopplysningar skal journalførast på lik linje som om samtalen skulle gå føre seg ansikt til ansikt eller per telefon. Opplysningar om helsa di kan som hovudregel bli gitt til anna samarbeidande helsepersonell dersom dette er nødvendig for å gi deg god og forsvarleg helsehjelp (med mindre du som pasient set deg imot dette).

Videokonsultasjonsløysingane, Skype for Business applikasjon eller Skype Web App (dersom du ikkje har Skype for Business applikasjonen) har ei kryptert linje, og samtalen (inkludert lyd og bilde) blir ikkje lagra verken på internett, eller på våre serverar.

Frivillig deltaking

Det er frivillig å nytte videokonsultasjon, og du treng ikkje gje nokon grunn om du heller ønskjer konsultasjonen ansikt til ansikt. Du kan når som helst, og utan å gje nokon grunn, reservere deg mot å nytte videokonsultasjon. Dette vil ikkje få nokon konsekvensar for det vidare behandlingstilbodet ditt frå nokon instansar i helsevesenet. For å reservere deg, kontakt sekretær ved poliklinikken du skal ha videokonsultasjon med, sjå kontaktinformasjon i innkallinga på e-post.


fastlege eller annen helsetjeneste henviser til utredning

Før

Dette treng du:

  • Eining som PC, telefon eller nettbrett, som har kamera, mikrofon og høgtalar (kan vere innebygd i eininga). Headset med mikrofon kan vere nyttig, men er ikkje obligatorisk.
  • Tilgang til sikkert internett.
  • Eit rom kor du kan vere åleine, og ikkje risikerer at andre kjem inn og avbryt, eller kan høyre kva du og behandlaren seier. Rommet bør også ha god belysning, slik at behandlaren din kan sjå deg godt.

 

Slik koplar du opp til møtet:

Du vil motta ei e-postinnkalling med ei lenke til videokonsultasjonen. Av årsaker knytt til sikkerheit blir det ikkje nytta  «vanleg» Skype, men programmet Skype for Business.

Oppkopling via PC

I e-postinnkallinga ligg det ei lenke til videokonsultasjonen. Når du klikkar på denne kjem du til det virtuelle møterommet i programmet Lync / Skype for Business, dersom du har dette

installert på din PC. Dersom du ikkje har programmet Lync / Skype for Business installert på PC-en, kan gratisprogrammet Skype Web Applikasjon bli tatt i bruk  via nettlesaren din. Første gong du nyttar  Skype Web Applikasjon må ein «plug-in» modul installerast. Dette valet kjem automatisk opp når du følgjer lenka i e-postinnkallinga for å møte behandlaren din. Fleire detaljar er tilgjengeleg i seksjonen Tekniske instruksjonar – PC.

Oppkopling via telefon / nettbrett

I e-postinnkallinga ligg lenker til å laste ned applikasjonen Skype for Business, både til iPhone og Android. Du må laste ned applikasjonen i forkant av konsultasjonen på video. For å kome til det virtuelle møterommet, klikkar du på lenka til Skype for Business via e-postinnkallinga. Du blir då omdirigert til applikasjonen du har installert. Her kan du enten logge inn dersom du har registrert konto frå før, eller fortsette som gjest.
Behandlaren slepp deg inn i det virtuelle møterommet når det er klart. Fleire detaljar er tilgjengeleg i seksjonen Tekniske instruksjonar – Telefon / Nettbrett.

Under

«Køyrereglar» for videokonsultasjon

  1. Alle involverte må presentere seg. Dersom du har med ein ven/pårørande er det viktig at vedkomande blir presentert og er synleg for behandlaren. Det skal ikkje vere nokon i rommet som behandlar ikkje veit om, og behandlar skal heller ikkje ha nokon i rommet som du ikkje veit om. Behandlaren kan spørje om det er andre i huset eller bygningen der du er.
  2. Behandlar kan ikkje kommunisere ved bruk av chat-funksjonen, denne funksjonen skal helst ikkje nyttast.
  3. Ingen av møtedeltakarane skal gjere opptak av samtalen (inkludert lyd og bilde). Behandlar dokumenterer som vanleg i din elektroniske journal. Denne er tilgjengeleg for deg på www.helsenorge.no.

Andre viktige moment

Husk at behandlaren ikkje ser «heile deg», og at det er annleis å observere ein person på ein skjerm samanlikna med  ved fysisk oppmøte. Dersom du har noko informasjon som du tenkjer behandlar ikkje fangar opp, men burde vite om, er det viktig at du gir beskjed om dette.

Tekniske instruksjonar – PC

Dersom du allereie har Lync / Skype for Business applikasjon  lasta ned på PC-en din og ein tilknytt brukar, kan du ta i bruk dette.

Dersom du ikkje har Lync / Skype for Business applikasjonen eller brukar, tar du i bruk  Skype Web App. Dette er ei løysing som gjer at du ikkje treng å laste ned programvare, men loggar på videokonsultasjonen din ved bruk av nettlesar. Ein «plug-in» for Skype Web App må installerast første gong dette blir tatt  i bruk. Sjå teknisk rettleiing under. Merk at mindre variasjonar kan førekome frå steg-for-steg guiden, avhengig av type nettlesar, type eller versjon av operativsystem du har på din PC.

Steg-for-steg guide for påkopling til videokonsultasjon ved bruk av Skype Web App

1.  Opne e-postinnkallinga du har fått tilsendt til videokonsultasjon.

2.  Klikk på «Bli med i Lync / Skype-møte» frå møteinnkallinga. Ein nettlesar vil då opne seg.

Første gong du bruker Lync / Skype Web App, bør du teste dette god tid i førevegen, slik at du veit at det er klart.

Skjermbilde

 

3.  I nettlesaren viser dette bildet. Last ned «Plugin-modulen» ved å klikke på lenka.

Skjermbilde

 

4.  Du vil så få spørsmål om du vil køyre eller lagre ei fil. Vel «kjør» for å installere «Plugin-modulen.»

Skjermbilde

 

5.  Klikk så på «Allow» / «Aksepter» for å gå vidare.

Skjermbilde

Får du problem med å installere plugin-modulen, kan du lese meir på hjelpesida til Microsoft.

6.  Vel «Bli med i møtet».

Skjermbilde

 

7.  Skriv inn namnet ditt i tekstboksen, og klikk på den grøne knappen for å bli med i møtet.

Skjermbilde

 

8.  Du skal no delta i møtet, og ventar i den virtuelle «lobbyen» til du blir tatt inn i møtet av  behandlaren din

Skjermbilde

 

9.  Når du kjem inn i møtet, sjekk at lyd og kamera er slått på.
Pass på at du ser og høyrer behandlaren godt. Juster eventuelt på lyd- og lysstyrke på PC-en din.

Skjermbilde

10.  Når videokonsultasjonen er over, trykk på den raude knappen for å avslutte.

Skjermbilde

 

Steg-for-steg guide for påkopling til videokonsultasjon ved bruk av Skype for Business applikasjon

1.  Start Skype for Business, dersom den  ikkje allereie er starta.

2.  Dobbeltklikk på e-postinnkallinga du har fått tilsendt til videokonsultasjon for å opne denne.

 

skjermbilde


3.  Klikk på «Bli med i Skype-møte» i e-postinnkallinga.

skjermbilde


4.  Du får no spørsmål om å gje tilgang til lyd og bilete. Aksepter denne tilgangen ved å klikke OK.

skjermbilde


5.  Du skal no delta i møtet, og ventar i den virtuelle «lobbyen» til du blir tatt inn i møtet av behandlaren din.

skjermbilde


6.  Nå du kjem  inn i møtet, sjekk at lyd og kamera er slått på.

skjermbilde


7.  Når konsultasjonen er over, trykk på den raude knappen for å avslutte videokonsultasjonen.

skjermbilde

 

Tekniske instruksjonar – Telefon / Nettbrett

Dersom du allereie har lasta ned Skype for Business applikasjonen til din telefon eller nettbrett, kan du gå rett til seksjon 2: «Steg-for-steg guide for påkopling til videokonsultasjon ved bruk av Telefon / Nettbrett»

1: Steg-for-steg guide for nedlasting av Skype for Business til telefon / nettbrett

1.  Gå inn på App Store / Google Play på telefonen din

skjermbilde

 

2.  Søk etter, og last ned applikasjonen Skype for Business

skjermbilde


2: Steg-for-steg guide for påkopling til videokonsultasjon ved bruk av Telefon / Nettbrett

1.  Opne e-postinnkallinga du har fått tilsendt til videokonsultasjon, og klikk på «Bli med i Skype-møte»

Dersom du bruker iPhone kan du bli spurt om å opne sida i «Business». Klikk «Åpne».

Skjermbilde


2.  No er du inne i Skype for Business applikasjonen. No kan du enten:

  • a. Logge på med brukarnamn og passord, eller

  • b. Bli med som gjest.

Dersom du blir med som gjest, treng du berre å skrive namnet ditt.

Skjermbilde


3.  No er du logga på applikasjonen Skype for Business. Vent til behandlaren din er klar. Når du blir sloppe inn, vil du kunne sjå behandlaren din.

4. Når det er tid for å avslutte videokonsultasjonen klikkar du på den raude knappen.

Skjermbilde

   
5.  Deretter klikkar du på «Avslutt møtet».

6.  Du vil få beskjed om at du no forlét møtet. Klikk OK.

Skjermbilde

Handtering av eventuelle problem

Handtering av eventuelle problem
Problem
Løysing
Det har skjedd ei forverring av helsa di som gjer at du er usikker på om videosamtale er riktigDu må ta kontakt med sekretariatet så snart som mogleg, sjå kontaktinformasjon i innkallinga på e-post.
Lege/sjukepleiar er forseinkaForseinkingar kan oppstå på same måte som på den vanlege poliklinikken. Dersom du ikkje kan vente, ta kontakt med sekretariatet og gi beskjed, sjå kontaktinformasjon i innkallinga på e-post.
Du er forseinkaTa kontakt med sekretariatet og gi beskjed, sjå kontaktinformasjon i innkallinga på e-post. Du kan risikere at konsultasjonen må utsetjast.
Du finn ikkje ein eigna plass å sitje i fredRing sekretariatet, sjå kontaktinformasjon i innkallinga på e-post. Viss du ikkje finn ein eigna plass for videokonsultasjon, men kan finne ein eigna plass for telefonkonsultasjon, må behandlar vurdere om det er godt nok, eller om du må få ein ny time.
Du klarer ikkje kople deg på møtetSjekk manualen/bruksanvisinga som er vedlagt mailen ved møteinnkallinga. Det kan hjelpe å re-starte PC-en og kople seg opp på nytt dersom du har tekniske problem. Dersom dette ikkje fungerer, ring kundesenteret i Helse Vest IKT, tlf: 55 97 65 51. Dersom du ikkje dukkar opp i det virtuelle møterommet til avtalt tid kan det hende at behandlar ringer deg på telefonen.
Bildet forsvinn, men lyden verkarRing kundesenteret i Helse Vest IKT, tlf: 55 97 65 51. Dersom problemet varer ved kontaktar behandlaren din deg, og de blir einige om kva de skal gjere.
Lyden forsvinn, men du kan sjåRing kundesenteret i Helse Vest IKT, tlf: 55 97 65 51. Dersom problemet varer ved kontaktar behandlaren din deg, og de blir einige om kva de skal gjere.
Heile samtalen bryt undervegsRing kundesenteret i Helse Vest IKT, tlf: 55 97 65 51. Dersom problemet varer ved kontaktar behandlaren din deg, og de blir einige om kva de skal gjere.
Nokon kjem inn i rommetGi beskjed til behandlaren at du ikkje lenger er åleine slik at samtalen blir sett på pause. Dersom mogleg, sørg for at du igjen får rommet for deg sjølv.
Anna uventa hendingHendingar som gjer at informasjon om deg og helsa di kan bli fanga opp av andre, eller som gjer at samtalen ikkje kan gjennomførast, medfører at vi tar pause eller avsluttar videokonsultasjonen. Dersom det er føremålstenleg går ein over til telefon for å diskutere kva de skal gjere vidare.

Har du oppkoblingsproblem? Her er nokre tips.

Bildet forsvinner, men lyden virker:

  • Dersom mulig koble til med kablet nettverksforbindelse
  • Ta en omstart av enheten du benytter deg av
  • Forsøk gjerne en annen nettleser
  • Sørg for at enheten har de nyeste oppdateringene

Lyden forsvinner, men bildet virker:

  • Påse at mikrofonen ikke er dempet inne i selve møtet
  • Ta en omstart av enheten du benytter deg av
  • Sørg for at enheten har de nyeste oppdateringene
  • Forsøk gjerne en annen nettleser
  • Dersom du benytter deg av ekstern mikrofon eller hodetelefoner kan du prøve å koble det til i en annen port på maskinen.

Hele samtalen bryter underveis:

  • Sørg for at enheten har de nyeste oppdateringene
  • Forsøk gjerne en annen nettleser
  • Ta en omstart av enheten du benytter deg av
  • Om problemet vedvarer kan du forsøke å koble deg opp til møtet via 4G dersom du bruker nettbrett eller smarttelefon.

Du klarer ikke koble deg på møtet:

  • Dersom møteinnkallingen ikke inneholder en PIN-kode kan du bare trykke på «Delta» for å komme inn i møtet.
  • Ta en omstart av enheten du benytter deg av
  • Sørg for at enheten har de nyeste oppdateringene
  • Om problemet vedvarer kan du forsøke å koble deg opp til møtet via 4G dersom du bruker nettbrett eller smarttelefon.

Du ser deg selv, men ser ikke behandler:

  • Påse at du er koblet opp på ditt eget nettverk og ikke mot jobb-nettverket.
  • Forsøk en annen nettleser
  • Sørg for at enheten har de nyeste oppdateringene
  • Ta en omstart av enheten
  • Om problemet vedvarer kan du forsøke å koble deg opp til møtet via 4G dersom du bruker nettbrett eller smarttelefon.


Etter

Dersom du har spørsmål rundt testing av Skype for Business / Skype Web Applikasjon eller har andre henvendelser rundt videokonsultasjon kan du kontakte Helse Vest IKT på telefon 55 97 65 51. Telefontid fra kl. 09:00-14:00 på hverdager.

Kontaktinformasjon

Barne- og ungdomsklinikken
Telefon
Sentralbord - 55 97 50 00 (døgnope)
Endre time på poliklinikk - 55 97 51 99
Faks 55 97 51 47
E-post
Postadresse

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Barne- og ungdomsklinikken
Postboks 1400
5021 Bergen

Marie Joys' hus
Besøksadresse
Jonas Lies vei 81(Kart)
Telefon
Sentralbord - 55 97 50 00 (døgnope)

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Grunna Koronavirus får pasientar midlertidig dekka køyring med eigen bil

Grunna koronavirus-utbrotet blei det 12. mars innført ei midlertidig endring i rettane for pasientreiser som gjer at pasientar no får dekt reise med eigen bil med tilleggsutgifter. Dette gjeld for alle reiser over 10 kilometer kvar veg.
Dette er både for å forhindre smitte av koronavirus via offentleg og rekvirert transport, men også for å kunne stille tilrettelagt transport til rådvelde for dei brukarane som treng dette mest i tida framover.

Om reisa er under 10 kilometer kvar veg, må bruk av privat bil dokumenterast av behandlar som nødvendig av medisinske årsaker, som tidlegare. Det same gjeld behov for følgje på reisa.

Pasientar kan søke om å få dekt reiseutgiftene sine digitalt på helsenorge.no, eller ved å sende søknad på papir. Hugs å leggje ved kvitteringar.

Parkering for akuttpasientar

​​Pårørande til pasientar som kjem mellom kl. 23.00 og kl. 07.00, køyrer til Marie Joys' hus og tar kontakt med resepsjonen i 1. etasje. For andre gjeld parkering for pasientar / pårørande som for resten av sjukehuset.

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derforblant anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Besøk på sjukehuset i koronaperioden

Under smittesituasjonen med koronaviruset har vi avgrensa talet på besøkande til sjukehuset. Grunna den låge førekomsten av koronasmitte i samfunnet vi har no, opnar vi opp for at fleire pasientar kan få besøk av sine nærmaste på sjukehuset.

Les mer om besøk på sjukehuset

Besøkstid

​​Som hovudregel har ikkje Barne- og ungdomsklinikken fast visittid. Nokon av avdelingane ønsker ro delar av dagen og få besøkande om gongen. Meir informasjon får du på den enkelte sengepost.

Gåver og donasjonar

​Behandlinga av pasientar er sjølvsagt fullt statleg fiansiert, men på førespurnad har Barne- og ungdomsklinikken oppretta ein konto for gåver og donasjonar frå privatpersonar, foreiningar, bedrifter og andre.

Pengane vil bli brukt til å gjere sjukehusopphaldet meir triveleg for pasientar og pårørande ved avdelinga, i form av trivselstiltak som for eksempel konsertar, turar, leikar og utstyr til barna.

Les meir

Måltid og bufféservering

​​Det blir servert fire måltid om dagen frå buffeen ved sengepostane.

  • Frukost kl. 08.00-09.00
  • Lunsj kl. 11.00-12.00
  • Middag kl. 15.00-16.00
  • Kvelds kl. 18.30-19.30

Ein av foreldra får tilbod om å ete i buffeen. I nokre situasjonar vil begge foreldra kunne ete i avdelinga. Personalet vil kunne gi informasjon om dette.

Foreldre med barn på Nyføddintensiv kan bruke buffeen i 3. etasje i Marie Joys' hus.

Overnatting for foreldre / pårørande

​Ein av foreldra blir tilbydd overnatting på Barne- og ungdomsklinikken, enten på rom saman med barnet eller på eige foreldrerom. Personalet ordnar dette den dagen barnet blir lagt inn. 

Barnet har rett til å ha ein omsorgsperson hos seg under heile sjukehusopphaldet, og vi anbefaler at du er hos barnet så mykje du kan. Hugs at barn som er sjuke treng ekstra tryggleik og nærleik til sine næraste. 

Røyking

​Vi ønsker at sjukehusområdet vårt skal vere røykfritt. Dei aller fleste pasientar og pårørande trivst best i eit røykfritt miljø. Mange blir også direkte plaga om dei blir utsette for passiv røyking.
​​
Det er ei utfordring at mange røyker utanfor inngangspartia på sjukehuset.
Om du skal røyke når du oppheld deg på sjukehusområdet, ber vi deg om å gjere dette på dei stadene vi har sett av til dette. ​Vi har lagt til rette for røyking følgande stader:​
  • ​Røykerom ved inngangen frå parkeringsdekket på austsida av Foajéen i Sentralblokka, utgang til høgre for Deli de Luca​
  • Røykeskur framfor Gamle hovudbygg
  • Røykeskur framfor Kvinneklinikken​
​Vi håpar du respekterer røykeforbodet vårt av omsyn til andre pasientar.​
Tilsette har ikkje lov til å røyke på sjukehusområdet.

Servicetilbod i nærområdet til Haukeland

Daglegvarebutikkar i nærområdet:

Rema1000 Haukelandsveien
Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: kl. 07.00-22.00
Laurdag: kl. 08.00 - 20.00 

Kiwi Kronstad
Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
Måndag - fredag: 06:30 - 23:00
Laurdag: kl. 09:00 - 23:0019

Bunnpris Møllendalsbakken
Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
Måndag - fredag: kl. 08.00 - 22.00
Laurdag: kl. 08.00 - 21.00
Søndag: kl.  10.00 - 22.00 

Smitteførebygging

​Mange sjuke barn, og særleg dei for tidleg fødde barna, har nedsett immunforsvar og er dermed meir utsett for å få infeksjonar enn friske barn. Av denne grunn er det viktig å førebygge infeksjonar så godt som mogleg gjennom god handhygiene og ryddige rom.

Det er viktig at du gir beskjed dersom barnet ditt har vore i kontakt med andre som har eller har hatt vasskoppar dei siste 3 vekene før innlegginga. 

Sosiale medier

For å beskytte barn og personale er det strenge reglar for fotografering på Barne- og ungdomsklinikken. Dersom du ønskjer å leggje ut bilete der andre personar er med, må du spørje først. Tenk gjennom kva du legg ut på internett og hugs at det blir verande der også når barnet veks opp. 

For meir informasjon og gode råd om sosiale media viser vi til Datatilsynets brosjyre «I beste mening» (pdf), sjå også Barneombodets nettsider

Stillerom

I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

Les meir om stilleromma

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Vask av privat tøy

​Sjukehuset har dessverre ikkje tilbod om vask av privat tøy for pårørande eller inneliggande pasientar.

Dersom du har behov for å vaske tøy under sjukehusopphaldet, må du benytte vaskeri/renseri i byen.

Visittid

Den vanlege visittida på sjukehuset er mellom kl. 17.00 og 20.00.
På dei aller fleste avdelingane kan pasientar ta imot besøk også utanom visittida. Viss pasienten deler rom med nokon, er det av omsyn til den/dei andre fint om de går ut av rommet, for eksempel til ei av daglegstovene.
Om pasienten ikkje er frisk nok til å forlate rommet, vil vi gjerne at de avtaler besøk utanom vanleg visittid med personalet på avdelinga.
Det er hyggeleg med blomar, men på grunn av liten plass, allergiar, nyopererte pasientar og liknande er det ønskeleg at dette vert begrensa. Det kan jo vere vel så kjekt å få ein blom etter at ein har komme heim.

Øyeblikkeleg hjelp-tilvising til BUK (for tilvisere)

​Barn og ungdom t.o.m. 15 år (Innlegging for Diabetes, Epilepsi og IBD går opp til 18 år ved BUK) med mistanke om medisinsk tilstand som treng øyeblikkeleg hjelp, skal tilvisast Barne- og ungdomsklinikken.

Før innlegging er det mogleg å konferere med Pediatrisk bakvakt:
Ring 55975000 og be om å få snakke med bakvakt på Barne- og ungdomsklinikken.

Barn/ungdom som kan køyre i drosje eller privatbil, skal meldast direkte til resepsjonen på BUK:
Ring 55973393

Barn/ungdom som treng ambulanse, skal meldast via AMK.
Ring 113

Dersom lege eller ambulanse ønsker direkte kontakt med nokon i mottaket for å gi oppdateringar undervegs  ring 55971410. 

Fann du det du leita etter?