Vevsprøve frå bryst

Brystdiagnostisk senter

For å kunne stille ein sikker diagnose kan det vere naudsynt å ta ei vevsprøve av noko ein har funne med mammografi eller ultralyd av brysta. Prøvetakinga skjer vanlegvis ved hjelp av ultralyd slik at røntgenlegen kan vere sikker på at prøva vert teken frå rett stad. Prøvetaking kan også skje ved hjelp av røntgen. Ved prøvetakinga blir ei nål stukken gjennom huda til det aktuelle området.

Innleiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Før

Undersøkinga krev ingen førebuing.

Unntak: Dersom du nyttar blodfortynnande medikament, kan det vere naudsynt å la vere å ta dette dei siste dagane før prøvetaking. Om dette gjeld deg vil informasjon om dette stå i innkallingsbrevet. Dette kan du også ta opp med tilvisande lege.

Under

Under undersøkinga er du avkledd på overkroppen og ligg på ein undersøkingsbenk. Røntgenlegen undersøker først brystet ditt med ultralyd og merkar av kvar ein skal ta vevsprøva. Huda over det aktuelle området blir reingjort med desinfeksjonsmiddel og det blir som oftast gitt lokalbedøving. Deretter vert ei eller fleire nåleprøver tekne med ultralydrettleing, noko som gjer at ein heile tida kan sjå kvar nåla er.

Sjølve prøvetakinga er vanlegvis ikkje smertefull.

Vi set eit plaster over området der røntgenlegen har teke prøvar. Plasteret skal sitje på i 2-3 dagar.

Etter

Etter at prøvetakinga er ferdig kan du reise heim.

Ver merksam

Det kan i enkelte tilfelle blø etter prøvetaking. Ei slik bløding kan du enkelt stoppe ved å trykke mot plasteret. 

Det er svært sjeldan at det oppstår infeksjon i brystet etter prøvetaking, men dersom du skulle få teikn til dette så ta kontakt med fastlege eller legevakt.

Kontaktinformasjon

Brystdiagnostisk senter
Oppmøte
Undersøkinga foregår i våre lokale i det nye sjukehusbygget på Haraldsplass. 
Telefon
55 97 40 00
måndag - fredag 08.00-15.00
Screening:
Telefon 55 97 40 01
Telefontid: kl. 09.00 - 11.00 og kl. 12.00 - 14.30
Bytting av time etter tilvising frå lege: Telefon 55 97 58 67
Telefontid kl. 08.00-15.00
Brystdiagnostisk senter på Haraldsplass
Besøksadresse
Ulriksdal 8(Kart)

Buss

​Linjene 2, 3 og 80 passerer alle Haraldsplass Diakonale Sykehus. Det er haldeplassen «Statsarkivet» i Årstadveien som er nærmast sjukehuset, og det er gangbru frå busstoppen i Årstadveien bort til nybygget.

Drosje/privat transport

​Kjem du med drosje eller med følgjeperson kan du bli køyrt heilt bort til det nye sjukehusbygget. Følg skilt til Hovudinngang. Ved hovudinngangen er det av- og påstigning og snuareal. Det er ingen parkeringsmoglegheit ved hovudinngangen.

Parkering

​Haraldsplass har parkeringshus i fjellhall. Følg skilt til P-anlegg. Har du løyve for parkering på handikap-plass, er det eigne oppmerka plassar for «HC-parkering» i parkeringshuset.
Frå parkeringshuset er det gangtunnel til U2 i nybygget, der en kan ta heis til 5. etasje i nybygget.

Les meir på Haraldsplass sine sider

Praktisk informasjon

Apotek

​Nærmaste apotek er i 1. etasje i Ulriksdal. Det er eit Apotek 1-utsal. Gratis parkering i 30 minutter. Begrenset antall plasser.

Finn Apotek 1 Ulriksdal på kartet (ekstern lenke).

Telefon: 55207240 
Telefaks: 55207241 
E-post: apotek1.ulriksdalen@apotek1.no

Besøk apotekets hjemmeside.​

Kiosk, kantine og mattilbud

​​​Pasienter og pårørende er hjertelig velkomne til å bruke kantinen i 7. etasje. Sykehuset har også Narvesen kiosk i plan U2 i nybygget, der du kan få kjøpt noe mat, i tillegg til vanlige kioskvarer, blomster og kort.

Les meir på Haraldsplass sine sider

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Fann du det du leita etter?