Urinsyregikt

Revmatologisk avdeling

Urinsyregikt er ein sjukdom som skuldast opphoping av urinsyrekrystallar i leddvæske med påfølgande betennelse i ledd. Urinsyregikt i grunnleddet i stortåa vert til tider kalla podagra eller kaptein Voms sjukdom.

Innleiing

Utbreiing og årsak

Urinsyregikt er den vanlegaste giktsjukdomen hos vaksne, og ein antar at ca. 1-1,5 % av den vaksne befolkninga er ramma. Førekomsten aukar med aukande alder, og generelt er sjukdommen blitt hyppigare siste 50 år. Dette skuldast mest sannsynleg auka levealder, auka overleving og behandling av annan sjukdom som f.eks. nyresjukdomar; samt endring i levesett og matvanar. Ved urinsyregikt ser ein forhøgja urinsyrenivå i blodet, anten på grunn av auka produksjon eller på grunn av nedsett utskiljing av urinsyre i nyrene. Overskot av urinsyre kan verte omdanna til urinsyrekrystallar i leddvæske. Kroppen reagerer vidare på urinsyrekrystallane med å lage ein betennelsesreaksjon i leddet.  Det vert danna flest urinsyrekrystallar i vev med låg temperatur, eller vev som tidlegare har vore utsett for skade. Stortåa sitt grunnledd er eit typisk slikt ledd. 

Symptom og sjukdomsteikn

Eit typisk anfall av urinsyregikt gjev sterke smerter, raudne, varmeauking, heving og nedsett funksjon i ledd som vert ramma. Anfallet er oftast verst etter 12-24 timar, men det går ofte fleire dagar eller veker før leddet kjennes heilt fint igjen. Smertene startar helst om natta eller tidleg om morgonen, og er hyppigast i ledd i underekstremitetar. Aller vanlegast er urinsyregikt i grunnleddet i storetå.  I starten av sjukdomen er 80 % av anfalla lokalisert til eit enkelt ledd. Ved seinare anfall ser ein oftare at fleire ledd vert ramma samstundes. Nokre vil etter lang tids sjukdom oppleve å få utfellingar av krystallar òg i omliggande vev, såkalla tofi. Desse utfellingane kjem ofte til syne i vev nær ledda, i senestrukturar og i slimposar.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Fastsetting av diagnose

Diagnosen vert fastsett på bakgrunn av typiske symptom, samt ved funn av urinsyrekrystallar i leddvæske. Det kan av og til vere vanskeleg å få leddvæske frå små ledd, som til dømes grunnleddet i storetåa. Om ein er i tvil om diagnosen vert det til tider derfor utført ei spesiell CT undersøking (Dual energy CT) som òg kan avdekkje urinsyreavleiringar. 

2. Under

Behandling

Auka inntak av alkohol, sukkerhaldig drikke, raudt kjøtt og innmat aukar risikoen for anfall med urinsyregikt. Det same gjer medikament som inneheld salisylsyre, som Albyl-E og vanndrivande medisinar.

Akutte anfall med urinsyregikt vert ofte behandla effektivt med betennelsesdempande medisin i form av NSAIDs (for eksempel Naproxen eller Voltaren). Medisinen Kolkisin kan vere effektivt om ein startar behandling heilt tidleg i anfallet. Prednisolon vert nytta, særleg om ein ikkje toler behandling med NSAIDs.  Kortisoninjeksjonar i vonde ledd er aktuelt særleg ved affeksjon av eitt eller få ledd. Dette er ei behandling dei fleste tolererer godt. 

Om ein har fleire enn to anfall med urinsyregikt i året, eller om ein har urinsyregikt med tofi, kan det vere aktuelt med førebyggande behandling for å hindre nye anfall. Slik behandling har som mål å redusere urinsyrenivået i blodet.  Eksempel på slike medikament er Allopur, Zyloric og Probenecid. Dei første 6-12 månadene etter oppstart av urinsyresenkande behandling kan ein oppleve auka risiko for akutte anfall med urinsyregikt. Ein nyttar derfor ofte Kolkisin som tilleggsbehandling desse månadene. 

3. Etter

Dei fleste som har urinsyregikt kan følgjast av fastlege. Ved sjukdom som er vanskeleg å behandle eller ved hyppige anfall blir ein gjerne tilvist revmatolog for vurdering. 

Kontakt

Revmatologisk avdeling
Telefon
Ekspedisjon: 55975400
Sengepost: 55975402
Dagpost: 55975401
Poliklinikk: 55975397
For øyeblikkeleg hjelp: 55975427
Gamle hovedbygg
Besøksadresse
Jonas Lies vei 71(Google maps)
5053 Bergen
Telefon
55975000

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. 

Flybuss

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Praktisk informasjon

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.