Urinlekkasjon, operasjon ved anstrengelseslekkasje (TVT)

Gynekologi generell

Ved urinlekkasje når du anstrenger deg, kan operasjon vere eit alternativ dersom trening eller andre tiltak ikkje har hatt ønska effekt. Den mest vanlege operasjonsmetoden ved slik lekkasje er TVT, eller ulike variantar av han.

 

Les meir om Inkontinens hos kvinner
Informasjon frå helsenorge.no

Inkontinens hos kvinner

Urinlekkasje (inkontinens) rammer mange kvinner. Mellom 28 og 36 prosent av kvinnene i Norge plages med urininlekkasje– eller ufrivillig vannlating.

​​​​​​Mellom 28 og 36 prosent av kvinnene i Norge plages med urininkontinens – eller ufrivillig vannlating. Trening av bekkenbunnsmuskulaturen hjelper for å forebygge inkontinens i forbindelse med graviditet, både før og etter fødsel.

Problemet rammer kvinner i alle aldre – både før og etter fødsel, med en generell økning med økende alder.

Inkontinens er i seg selv ikke farlig, men tilstanden kan føre til en rekke plager av fysisk og sosial art som kan få betydelige konsekvenser for selvfølelse, psyke, livskvalitet og livsutfoldelse. De vanligste formene for urininkontinens er:

  1. Stress-inkontinens: ufrivillig tap av urin under fysisk anstrengelse

  2. ”Urge” inkontinens: ufrivillig tap av urin assosiert med sterk vannlatingstrang.​​

Effe​​kten av bekkenbunnstrening

​I flere studier har man sett på effekten av bekkenbunnstrening for kvinner med inkontinens. 

Resultatene viser bekkenbunnstrening er mer effektivt enn ingen behandling, og effekten kan opprettholdes over tid. 

Bekkenbunnstrening er derfor et enkelt og billig virkemiddel for å behandle stressinkontinens.

Les meir om Inkontinens hos kvinner (helsenorge.no)

Innleiing

 

GYNCARE TVT-bandet består av PROLENE. Dette er eit syntetisk materiale som blir i kroppen, og etter kvart blir innkapsla av kroppens eigne celler. Materialet har vore brukt ved operasjonar i over 30 år, og er kjend for å ikkje framkalle allergiar eller infeksjonar.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Førebuingar heime hjemme før operasjon

  • For å unngå å lage små sår i huda, skal du ikkje utføre intimbarbering 2 veker før operasjon. Små sår i huda kan auke faren for infeksjon etter operasjonen. 
  • Du må dusje før du drar heimefrå (same morgon eller kvelden før) med vanleg såpe. Vask deg godt i navlen. Du må gjerne vaske håret, men det er viktig at du er tørr i håret når du møter på operasjonsdagen for å ikkje fryse. 
  • Ikkje ta på deg bodylotion/hudkrem eller sminke etter du har dusja.
  • Fjern eventuell naglelakk, smykkar, ringar og piercingar.
  • Du skal faste dagen før operasjon. Det vil seie ikkje mat, drikke, røyk, snus drops eller tyggegummi etter kl. 24.00 dagen før operasjon. Du kan drikke vatn fram til kl. 06.00, samt pusse tennene.
  • Ta med deg eventuelle faste medisinar. Anestesilege vurderer om det er nokon av dei faste medisinane som du skal ta på operasjonsdagen. Dette får du beskjed om dagen du er inne for operasjonsførebuingar. 
  • Kvelden før operasjon skal du tømme tarmen med eit klyster.

2. Under

 

Operasjonen går føre seg med lokalbedøving, og avslappande medisin ved behov. Operasjonen tar om lag 30 minutt.

Under operasjonen blir det gjort eit lite snitt på ca. 1 centimeter i framveggen i skjeden. Via snittet blir GYNECARE TVT-bandet ført under midten av urinrøyret for å støtte. Bandet blir ført ut gjennom vevet, og opp på kvar side av urinrøyret og ut gjennom bukveggen like over bekkenbeinet.

Eit smalt instrument (cystoskop) blir ført inn i blæra. Det blir fylt på væske og urinblæra blir undersøkt. Når det er gjort, vil du bli bedt om å hoste slik at urinrøyret beveger på seg. Då kan legen avgjere korleis bandet skal liggje for å gi tilstrekkeleg støtte under urinrøyret.

Når bandet ligg riktig, blir bandets beskyttande plastovertrekk fjerna. Etter dette kan ikkje posisjonen på bandet forskyvast.

Såra i skjeden og magen blir lukka. Stinga i skjeden løyser seg opp av seg sjølv etter nokon veker.

Mange kvinner seier at det følast annleis å late vatnet dei første gongane, inntil blæra tilpassar seg. Vanlegvis kan du late vatnet som normalt etter nokon timar.

3. Etter

 

Etter operasjonen kan du rekne med ei viss smerte og ømheit rundt såra. Dette forsvinn som regel etter nokon dagar. Vanlege smertestillande tablettar hjelper mot ømheita.

I timane etter operasjonen kan blødinga vere rikeleg, men ho vil avta etter kvart. Noko bløding eller utflod kan fortsetje i opptil ei veke.

Ver merksam

 

Alvorlege komplikasjonar er sjeldne og skjer hos færre enn 5 av 100 kvinner. Det kan oppstå bløding eller skade på urinblæra i samband med at bandet blir ført inn, problem med å tømme blæra, sterk vatnlatingstrong, indre blodutreiingar og infeksjonar.

Desse komplikasjonane er sjeldne og gir vanlegvis ikkje varige mén.

Kontakt

Oppmøte

Oppmøte enten på Dagkirurgisk avdeling i 2. etasje eller på sengepost i 3. etasje på Kvinneklinikken. Det vil stå i innkallingsbrevet kor du skal møte.

Ved spørsmål før innlegging:
Innleggingskontoret på Kvinneklinikken - telefon 55 97 42 46

Ved spørsmål under eller etter innlegging:
Dagkirurgisk avdeling - telefon 55 97 42 92 før kl. 15.00
Seksjon for generell gynekologi - telefon 55 97 42 21

Gynekologi generell
Telefon
55 97 42 25
Kvinneklinikken
Besøksadresse
Jonas Lies vei 72(Google maps)
5053 Bergen
Telefon
Ekspedisjon 55 97 42 00 | Telefaks 55 97 49 68

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. Rutetabellar finn du på Skyss.no.

Flybuss

​Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Sjekk nettsida til Flybussen for meir informasjon om ruter og prisar

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Praktisk informasjon

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Visittid

Den vanlege visittida på sjukehuset er mellom kl. 17.00 og 20.00.
​​​​På dei aller fleste avdelingane kan pasientar ta i mot besøk også utanom visittida. Av omsyn til andre pasientar, er det fint om de går ut av rommet, for eksempel til ei av daglegstovene.
 
Om pasienten ikkje er frisk nok til å forlate rommet, vil vi gjerne at de avtalar besøk utanom vanleg visittid med personalet på avdelinga.​