Urinlekkasje, operasjon ved anstrengelseslekkasje (TVT)

Gynekologi og gynekologisk kreft

Urinlekkasje ved hoste, nys, latter og fysisk aktivitet skyldast som oftast svekking i bindevevet som held urinrøyr og urinblære på plass. Målet med TVT-operasjonen er å stabilisere urinrøyret, slik at vi stoppar eller reduserer lekkasjen. 80-90 prosent av kvinnene blir kvitt lekkasjen etter operasjonen. Av dei som har lekkasje både når dei anstrenger seg og ved hastverk, blir ca. halvparten betring for hastverkslekkasje mens nokre få opplever auka plager med dette.

 

Innleiing

1. Før

Førebuingar heime før operasjon

  • For å unngå å lage små sår i huda, skal du ikkje utføre intimbarbering 2 veker før operasjon. Små sår i huda kan auke faren for infeksjon etter operasjonen. 
  • Du må dusje før du drar heimefrå (same morgon eller kvelden før) med vanleg såpe. Vask deg godt i navlen. Du må gjerne vaske håret, men det er viktig at du er tørr i håret når du møter på operasjonsdagen for å ikkje fryse. 
  • Ikkje ta på deg bodylotion/hudkrem eller sminke etter du har dusja.
  • Fjern eventuell naglelakk, smykkar, ringar og piercingar.
  • Du skal faste dagen før operasjon. Det vil seie ikkje mat, drikke, røyk, snus drops eller tyggegummi etter kl. 24.00 dagen før operasjon. Du kan drikke vatn fram til kl. 06.00, samt pusse tennene.
  • Ta med deg eventuelle faste medisinar. Anestesilege vurderer om det er nokon av dei faste medisinane som du skal ta på operasjonsdagen. Dette får du beskjed om dagen du er inne for operasjonsførebuingar. 

2. Under

Under operasjonen ligg du med beina opp som ved ei gynekologisk undersøking. Du blir vaska sterilt og dekt til, slik at du ikkje ser sjølve operasjonsfeltet. Ein sjukepleiar sit ved hovudenden og passar på at du har det bra under inngrepet.

Operasjonen blir utført med lokalbedøving og du får smertestillande intravenøst i tillegg. Det er normalt at du kjenner berøring og moderat smerte under inngrepet.

Slimhinna i skjeden blir opna under urinrøyret, og vi lagar to små snitt nedst på magen din. Eit prolen-band (syntetisk materiale) blir ført opp med ei nål på begge sider av urinrøyret bak skambeinet. For å kontrollere at vi ikkje har stukket nåla i urinblæra, kikkar vi med eit lite kamera (cystoskop). Bandet blir stramma til du kun lekk ei dråpe ved hoste. Snittet i skjeden og nedst på magen blir sydd med tråd som forsvinn av seg sjølv. Bandet blir ikkje sydd fast, men vil gro fast i vevet.

3. Etter

Du kan dra heim når du får til å tisse normalt, som oftast same dag. Vi kontrollerer rest-urin med ein blærescanner før du får forlate avdelinga. Dei fleste tissar meir langsamt etter inngrepet. For å førebygge urinveisinfeksjon får du med Hiprex tablettar som du skal ta morgen og kveld i tre dagar, inkludert operasjonsdagen.

Sjukmelding

1 veke

Smertestillande

Det er vanleg å ha litt smerter dei første dagane etter operasjonen. Du kan ta smertestillande tablettar for smertene. Vi anbefaler at du kjøper inn reseptfrie smertestillande medisin før operasjonen.

Sting

Under operasjonen blir det brukt tråd som forsvinn av seg sjølv. Nokre veker etter operasjonen kan det komme trådbitar frå skjeden.

Bløding

Det er vanleg med litt bløding i nokre dager-nokre veker etter operasjonen medan såra gror.

Tømmingsvanskar

Dersom du har problemer med å tømme deg etter operasjonen, eller du har andre problem eller spørsmål, kan du kontakte oss på telefon.

Aktivitet etter operasjon

Etter operasjonen kan du vere i normal fysisk aktivitet og du kan begynne å trene når du kjenner deg i form til det. Det er viktig at såret i skjeden får tid til å gro. Det beytr at du bør unngå samleie, tampong og aktivitetar  som sykling og spinning den første månaden etter operasjonen.

Kontroll

Vi ønsker at alle som blir operert for TVT blir registrert i den anonyme nasjonale databasen NKIR - Norsk kvinnelig inkontinensregister. Du vil bli bedt om å skrive under samtykke til dette. Er du med i registeret, vil du bli innkalt til en frivillig kontroll ett og tre år etter inngrepet.

Ver merksam

Ved alle kirurgiske inngrep er det ein liten risiko for komplikasjonar, oftast blodopphopingar, blodpropp eller infeksjon. I sjeldne tilfelle kan andre organ som tarm og urinblære bli skadd. Svært få opplever at slimhinna i skjeden over bandet ikkje vil gro.

Det kan ein sjeldan gang vere vanskeleg å stramme bandet riktig, og det kan bli vanskeleg å tisse. Vi måler derfor rest-urin før du kan dra heim. Nokre få må lære å tømme blæra med kateter til tissinga er kommer i gang. Om bandet er lagt for stramt, kan den som opererte deg slakke bandet dagen etter.

Dersom plagane etter operasjonen ikkje blir mindre frå dag til dag, men i staden aukar - så skal du ta kontakt med sjukehuset. Særleg bør du vere merksam på aukande smerter, pustebesvær, feber, plagar frå urinvegar og tarm. Svie og hyppig vasslating etter operasjonen, kan vere teikn på blærekatarr, og du bør levere morgonurinprøve på reint glas hos fastlege. Det kan oppstå bløding eller skade på urinblæra i samband med at bandet blir ført inn, problem med å tømme blæra, sterk vatnlatingstrong, indre blodutreiingar og infeksjonar.

Kontaktinformasjon

Gynekologi og gynekologisk kreft
Oppmøte

Oppmøte enten på Dagkirurgisk avdeling i 2. etasje eller på sengepost i 3. etasje på Kvinneklinikken. Det vil stå i innkallingsbrevet kor du skal møte.

Ved spørsmål før innlegging:
Innleggingskontoret på Kvinneklinikken - telefon 55 97 42 46

Ved spørsmål under eller etter innlegging:
Dagkirurgisk avdeling - telefon 55 97 42 92 før kl. 15.00
Seksjon for generell gynekologi - telefon 55 97 42 21

Telefon
55 97 42 00
Kvinneklinikken
Besøksadresse
Jonas Lies vei 72(Kart)
5053 Bergen
Telefon
Resepsjon 55 97 42 00 | Telefaks 55 97 49 68

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. 

Flybuss

Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Flybussen mellom Flesland og Haukeland Universitetssjukehus er innstilt i jul og romjul (kjører til og med 21.des).
Oppstart etter nyttår blir 2.januar 2019.

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Praktisk informasjon

Daglige rutiner på sengeposten

​Legevisitt skjer vanlegvis mellom kl. 09.00-12.00, og vi har vaktskifte mellom kl. 14.30 og 15.00.

Mattilbod

​På sengepost har vi bufféservering i spisesalen som vi deler med Seksjon for generell gynekologi:

Kl. 08.00-10.00 Frukost
Kl. 12.00-13.00 Lunsj
Kl. 16.00-17.00 Middag
Kl. 20.00-21.00 Kvelds 

Behandling hos oss kan og vere ikkje-operativ behandling. Døme på det er hormonbehandling, cellegift og strålebehandling. Strålebehandling blir gitt på Seksjon for stråleterapi ved Kreftavdelinga, etter du har vore gjennom ein utgreiing og har blitt undersøkt hos oss.  

Overnatting

​Seksjonen har eit godt samarbeid med Haukeland Hotell og fleire av pasientane som blir behandla hos oss bur der. Pårørande har også moglegheit til å overnatte på hotellet.

Sjå nettsida til Haukeland hotell

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.