HELSENORGE
For barn og unge / Barnekirurgen

Ultralydundersøking Barnekirurgen

Ultralydundersøking vert gjort for å stille diagnose, kartlegge utbreiinga av ein sjukdom eller for å vurdere effekt av ei behandling. Ultralyd slik den blir nytta her er ikkje skadeleg for kroppen.

Ventetider

Innleiing

Det er viktig at du les denne informasjonen nøye slik at du veit kva som skal skje. 
Dersom du ynskjer det, kan du ha med deg pårørande inn til undersøkinga.

Foreldre/foresatte bør snakke med barn og unge om undersøkinga, slik at dei blir gjort kjent med informasjonen de får her. Informasjon og samtale bidrar til at barnet/ ungdommen kjenner seg trygg.



Før

Nokon ultralydundersøkingar krev litt forberedelse. Sjekk innkallingsbrevet kva undersøking du har fått time til, og sjå så lista under om dette gjeldt deg.

Ultralyd av livmor/ eggstokker:

Drikk ca 2 glass 15-20 min før du har time. Helst ikkje gå på toalettet i denne perioden, då det blir best undersøkelse med litt full blære.

 

Ultralyd av lever, galleblære eller bukspyttkjertel:

Faste 4 timar før undersøkelse. Det vil seie at du ikkje skal spise eller drikke noko i dette tidsrommet.

 

Ultralyd ved spørsmål om pylorusstenose:

Møt til timen med full mage.





Under

Vanlegvis ligg du på ein benk under undersøkinga. Det området av kroppen som skal undersøkast må vere avkledd. For å kunne lage bilete må det vere god kontakt mellom huda og lydhovudet. Det vert nytta ein gelé på huda, som kan kjennest litt kald med ein gong. Lydhovudet blir flytta fram og tilbake over det aktuelle området medan ein tek ein serie av bilete.


Undersøkinga gjer ikkje vondt. Av og til må den som undersøker deg trykke litt ekstra på lydhovudet for å få betre innsyn. Det kan opplevast litt ubehageleg, spesielt om du har smerter eller er øm i området.

I nokre tilfelle er det aktuelt å måle stivheit i organ for eksempel lever, ved hjelp av ultralyd elastografi. Denne tilleggsundersøkinga varer 3-5 min og har ingen biverknader.

Undersøkinga varer frå 10 til 30 minutt, alt etter kva for eit område som skal sjekkast.

 ULTRALYDUNDERSØKING



Etter

Bileta blir granska av ein lege som lagar ei beskriving av kva bileta viser. Beskrivinga blir sendt legen som tilviste deg, normalt innan ei veke. Enkelte gongar kan ein få svar direkte etter undersøkinga, men som oftast får du svaret frå legen som tilviste deg.
Pasientar som er innlagde på sjukehuset får som regel svar neste dag.


Dersom det er noko du lurer på i samband med undersøkinga, ta kontakt på  telefon 
55 97 52 20 kvardagar mellom kl. 09.00-11.00 og 12.00-13.30.  


 


 


Kontaktinformasjon

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Besøk på sjukehuset

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Gåver og donasjonar

​Behandlinga av pasientar er sjølvsagt fullt statleg fiansiert, men på førespurnad har Barne- og ungdomsklinikken oppretta ein konto for gåver og donasjonar frå privatpersonar, foreiningar, bedrifter og andre.

Pengane vil bli brukt til å gjere sjukehusopphaldet meir triveleg for pasientar og pårørande ved avdelinga, i form av trivselstiltak som for eksempel konsertar, turar, leikar og utstyr til barna.

Les meir om gåver og donasjonar

Måltider på Barnekirurgen

​Vi har buffetservering på avdelinga og der kan barnet og ein føresett forsyne seg med mat og drikke. Dette gjeld også for barn som kjem for mottak, dagen før eventuell operasjon.

Serveringstider
Frukost:   kl. 08.00 - 09.30
Lunsj:      kl. 12.00 - 13.00
Middag:  kl. 16.00 - 17.00
Kveld:     kl. 19.00 - 20.30

Kald drikke finn du i buffeten heile døgnet. Vi har isbitmaskin.

Parkeringsutgifter

​For innleggingsdagaen og utskrivingsdagen kan ein søke om å få refundert utgiftene. Bruk då søknadsskjema "Reiseregningsskjema" til Helseforetakenes senter for pasientreiser. Skjema finn du ved luka til postsekretæren. Utgiftene for dagane mellom inn- og utskrivingsdagen, vert ikkje refunderte.

Dersom ein forventar at opphaldet vil vare ei veke eller meir, kan ein be personalet om skjema for å få parkeringskort til redusert pris.

Smitteførebygging

​Mange sjuke barn, og særleg dei for tidleg fødde barna, har nedsett immunforsvar og er dermed meir utsett for å få infeksjonar enn friske barn. Av denne grunn er det viktig å førebygge infeksjonar så godt som mogleg gjennom god handhygiene og ryddige rom.

Det er viktig at du gir beskjed dersom barnet ditt har vore i kontakt med andre som har eller har hatt vasskoppar dei siste 3 vekene før innlegginga. 

Sosiale medier

For å beskytte barn og personale er det strenge reglar for fotografering på Barne- og ungdomsklinikken. Dersom du ønskjer å leggje ut bilete der andre personar er med, må du spørje først. Tenk gjennom kva du legg ut på internett og hugs at det blir verande der også når barnet veks opp. 


Tolk

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Øyeblikkeleg hjelp-tilvising til BUK (for tilvisere)

​Barn og ungdom t.o.m. 15 år (Innlegging for Diabetes, Epilepsi og IBD går opp til 18 år ved BUK) med mistanke om medisinsk tilstand som treng øyeblikkeleg hjelp, skal tilvisast Barne- og ungdomsklinikken.

Før innlegging er det mogleg å konferere med Pediatrisk bakvakt:
Ring 55975000 og be om å få snakke med bakvakt på Barne- og ungdomsklinikken.

Barn/ungdom som kan køyre i drosje eller privatbil, skal meldast direkte til resepsjonen på BUK:
Ring 55 97 33 93

Barn/ungdom som treng ambulanse, skal meldast via AMK.
Ring 113

Dersom lege eller ambulanse ønsker direkte kontakt med nokon i mottaket for å gi oppdateringar undervegs  ring 55971410. 

Fann du det du leita etter?