Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Undersøking

Ultralyd av bryst

Ultralydundersøking blir gjort for å stille ei diagnose og er i dei fleste tilfelle eit supplement til mammografi. Det er ei målretta undersøking i høve til tilvisingsårsak, som gjerne er ein kul i brystet, eller endringar som er sett ved mammografi. Unntaket er unge kvinner der det ofte berre blir gjort ultralyd.

Indikasjonar for "klinisk" ultralydundersøking av bryst

  • Ved palpable lesjoner og ikkje konklusiv mammografi
  • Preoperativt hos kvinner med mammografisk tett parenchym og palpabelt eller ikkje-palpabelt verifisert mammakarsinom for å påvise eventuell multifokalitet og bilaterale forandringar (dersom MR eller kontrastmammografi ikkje blir utført)
  • Hos pasientar der mammografi ikkje kan gjennomførast
  • Som rettleiing for biopsi/merking

Ultralydundersøking (ultrasonografi) er i dag eit svært viktig supplement til mammografi. Hos kvinner under 35 år med eit benignt klinisk palpasjonsfunn kan ultralyd erstatte mammografi som basisundersøking.  

Før

Undersøkinga krev inga førebuing.

Under

Under undersøkinga er du avkledd på overkroppen og ligg på ein benk.

Det vert nytta ein gele på huda for å lage god kontakt mellom huda og lydhovudet på apparatet. Lydhovudet blir flytta over brystet medan ein tek ein serie av bilete.

Undersøkinga gjer ikkje vondt.

Etter

Dersom røntgenlegen finn at det ikkje er naudsynt med vidare undersøking, kan du reise heim.

Du får som regel vite resultatet av undersøkinga med røntgenlegen med ein gong undersøkinga er ferdig. Ved behov for prøvetaking vert dette som oftast utført same dag.

Dersom du er etterinnkalla etter screeningundersøking i det offentlege Mammografiprogrammet og ultralyd ikkje viser teikn til sjukdom, vil det bli sendt svar til fastlegen din med mindre det er gjort spesiell avtale om noko anna.

Dersom du er tilvist frå fastlege, vil det bli sendt svar til fastlegen i løpet av 1-2 veker.

Ver merksam

Undersøkinga  gir ikkje risiko for komplikasjonar.

Kontakt

Brystdiagnostisk senter på Haukeland universitetssjukehus lokalisert på Haraldsplass Brystdiagnostisk senter

Kontakt Brystdiagnostisk senter

Oppmøtestad

Dei som skal til klinisk mammografi etter tilvisning frå lege, skal til undersøking i våre lokale i det nye sjukehusbygget på Haraldsplass. 

Brystdiagnostisk senter på Haukeland universitetssjukehus lokalisert på Haraldsplass

Ulriksdal 8

Transport

​Linjene 5, 6 og 16E passerer alle Haraldsplass Diakonale Sykehus. Det er haldeplassen «Statsarkivet» i Årstadveien som er nærmast sjukehuset, og det er gangbru frå busstoppet i Årstadveien bort til Haraldsplass.

​Kjem du med drosje eller med følgjeperson kan du bli køyrt heilt bort til det nye sjukehusbygget. Følg skilt til Hovudinngang. Ved hovudinngangen er det av- og påstigning og snuareal. Det er ingen parkeringsmoglegheit ved hovudinngangen.

​Haraldsplass har parkeringshus i fjellhall. Følg skilt til P-anlegg. Har du løyve for parkering på handikap-plass, er det eigne oppmerka plassar for «HC-parkering» i parkeringshuset.
Frå parkeringshuset er det gangtunnel til U2 i nybygget, der en kan ta heis til 5. etasje i nybygget.

Les meir på Haraldsplass sine sider

Praktisk informasjon

​Nærmaste apotek er i 1. etasje i Ulriksdal. Det er eit Apotek 1-utsal. Gratis parkering i 30 minutter. Begrenset antall plasser.

Finn Apotek 1 Ulriksdal på kartet (ekstern lenke).

Telefon: 55207240 
Telefaks: 55207241 
E-post: apotek1.ulriksdalen@apotek1.no

Besøk apotekets hjemmeside.​

​Vi svarer ikkje på førespurnader som gjeld resultat av radiologiske undersøkingar. Desse skal tilvisande lege gå gjennom, med tanke på vidare medisinsk behandling. Du finn prøvesvaret under pasientjournal på helsenorge.no.​ 

​​​Pasienter og pårørende er hjertelig velkomne til å bruke kantinen i 7. etasje. Sykehuset har også Narvesen kiosk i plan U2 i nybygget, der du kan få kjøpt noe mat, i tillegg til vanlige kioskvarer, blomster og kort.

Les meir på Haraldsplass sine sider

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

​​Vardesenteret er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp. 

Senteret er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Kreftforeningen, og du finn senteret i Ibsens gate 118, i ein gamal trevilla like nedanfor Pasienthotellet på Haukeland.

Les meir om Vardesenteret