Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Tetrakirurgi, grep

Funksjonsforbedrande kirurgi i form av grepsrekonstrusjon kan tilbys pasientar med ryggmargsskade utan eller med redusert grep. Ein fungerande muskel blir flytta til ein muskel med svak eller tapt funksjon

Ein vil ikkje miste funksjon som tilhøyrer den fungerande muskelen (kalla donormuskel) då andre musklar vil ivareta bevegelsen. Ein kan rekonstruere både passive og aktive grep avhengig av tal på tilgjengelege donormusklar. Til dømes er brachioradialis ein av dei vanlegaste musklane vi nyttar som donormuskel.

Det er ein føresetnad at ein har stabilitet og kontroll over albogen for å kunne nytte seg av eit funksjonelt grep. Dersom ein ikkje har stabilitet og kontroll over albogen er det ein føresetnad at ein gjennomfører  tricepsrekonstruksjon fyrst. Det er ikkje ein føresetnad å ha gjennomført nervetransferering på førehand.

Målet med grepsrekonstruksjon er å oppnå eit funksjonelt grep. Eit betre grep kan bidra til auka sjølvstende i ei rekke daglegdagse aktivitetar, til dømes: påkledning, personleg stell, måltidssituasjonar , bruk av pc / mobil etc.


Tilvising og vurdering

På primæroppholdet ved regional spinaleining blir det vurdert om du er aktuell for funksjonsforbedrande kirurgi og du blir informert om tilbodet. Dersom du er aktuell får du treffe tetrateamet som besøker spinaleiningane 2-3 gonger pr. år. På dette besøket blir du klinisk vurdert og får førespegla operasjonsdato.

Før

Før innlegging på Haukeland universitetssjukehus vert du kontakta av sjukepleiar ved Ortopedisk avdeling for blant anna informasjon vedrørande blære- og tarmfunksjon, generelt hjelpebehov, behov for spesialmadrass samt behov for følgje /  personleg assistent. 

Restriksjonane etter operasjonen kan føre til eit større hjelpebehov og / eller behov for ekstra hjelpemidler, og det er viktig å avklare dette på førehand. Du får køyre manuell rullestol, men ei handskinne du skal nytte etter operasjonen kan gjere dette vanskeleg. Dersom du har elektrisk rullestol og styringskonsollen er på den opererte sida, må den flyttast til motsett side. Forflytningsbrett / personløfter er andre hjelpemiddel som bør vurderast.  


Under

Opphaldet på Ortopedisk avd. varer i ca. 5-6 dagar avhengig av reiseveg.

  • Søndag - Innlegging (måndag dersom du har kort reiseveg)

  • Måndag - Prepoliklinikk 

  • Tysdag - Operasjon

  • Onsdag - Bytte fra gipslaske til skinne. Sårstell, undersøkelse av ny funksjon, trening og informasjon om restriksjonar.

  • Torsdag - Trening og eventuelt justering av skinne og nytt sårskift

  • Fredag - Utskriving til heim eller regional spinaleining


Etter

Restriksjonane avheng av type operasjon og vurderast alltid individuelt. Følgande restriksjonar er vanlege og kan vere aktuelle for deg:

  • Bruke skinne i 9 veker etter operasjonen:  Heile døgnet med unntak av trening dei første 3 vekene, deretter kun på natt. 

  • Ikkje strekke eller bøye fullt i handledd eller fingrar dei 3 første vekene etter operasjonen: Fingrane skal ikkje bøyast nærmare enn 3 cm frå handflata.

  • Ikkje belaste handa i aktivitetar, som forflytting, dei 9 fyrste vekene etter operasjonen

Inga styrketrening av handa dei 9 fyrste vekene etter operasjonen

Skinne

Dagen etter operasjon får du tilpassa ei handskinne som skal stabilisere og halde handa i ei bestemt stilling. Denne skal brukast heile døgnet med unntak av trening og stell i 3 veker etter operasjonen. Deretter kun som nattskinne i ytterlegare 6 veker. Ved avstiving av tommel blir det tilpassa ei tommelskinne som skal brukast på dagtid dei neste vekene.

Trening

Trening startar dagen etter operasjonen og du får opplæring i egentreningsprogram på sjukehuset. Ved utskriving får du med deg informasjon om restriksjonar, trening og vidare oppfølging. Aktuelle instansar som heimetenesta i kommunen, fysioterapeut og/eller ergoterapeut på di regionale spinaleining kan også bli kontakta for denne informasjonen.

Du blir utskriven til heim eller regional spinaleining fredag etter operasjon. Etter 3 veker blir du innlagd eit par dagar på regional spinaleining for oppfølging og justering av treningsprogram. Ny innlegging etter 9 veker når alle restriksjonar vert oppheva og ein kan starte å nytte den nye funksjonen fritt.


Kontakt

Sentralblokka Nasjonal behandlingstjeneste for funksjonsforbedrende kirurgi på overekstremiteter ved tetraplegi

Kontakt Nasjonal behandlingstjeneste for funksjonsforbedrende kirurgi på overekstremiteter ved tetraplegi

Oppmøtestad

Sentralblokka, Haukeland universitetssjukehus

 

Kontakt:

Anett Myhre Kallevik
Spesialfysioterapeut
Fysioterapiavdelinga
Telefon 55 97 29 09

Hege Kleiven Rynning
Ergoterapeut
Ergoterapiavdelinga
Telefon 55 97 60 52

Tetra-teamet
Professor Leiv Hove, Ortopedisk avdeling
Overlege Rakel Sif Gudmundsdottir, Ortopedisk avdeling
Overlege Eivind Strandenes, Avdeling for plastikkirurgi
Lege i spesialisering, Truls Rokne Hanestad, Ortopedisk avdeling
Spesialfysioterapeut Anett Myhre Kallevik, Fysioterapiavdelinga
Ergoterapeut Hege Kleiven Rynning, Ergoterapiavdelinga

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

​Koordinator på post kan hjelpe til med bestilling av fly, rullestoltaxi, hotellrom til assistent og liknande. Ta kontakt med koordinator på mobil eller e-post:

Koordinator
Linda Jakobsen
Telefon 941 65 830 
E-post linda.vibeke.lorentzen.jakobsen@helse-bergen.no

Pasientar som skal inn til operasjon, bør komme i manuell rullestol då dette gjer det lettare å sende stolen tilbake til heim / spinaleining.

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.