Utgreiing og årsak
Sjøgrens syndrom er mykje vanlegare hos kvinner enn hos menn. Rundt 0,5 % av befolkninga er ramma, men sjukdommen er sjeldan hos barn og unge. Ein veit ikkje heilt kvifor nokon utviklar Sjøgrens syndrom, men sjukdomsutvikling heng truleg saman med arvelege faktorar så vel som miljøfaktorar.
Symptom og sjukdomsteikn
Dei vanlegaste symptoma på Sjøgrens syndrom er tørre auge og tørr munn. Kvinner kan òg bli tørr i skjeden. Hovne spyttkjertlar er ikkje sjeldan. Ein kan sjå ulike endringar i huda, slik som utvikling av likfingre eller hudutslett. Rundt halvparten av dei som får diagnosen Sjøgrens syndrom har i tillegg ledd- og muskelverk. Elles er det svært vanleg at dei som blir ramma kjenner seg trøytte og uopplagde.