Radiologisk avdeling, Kysthospitalet

Røntgenundersøking skjelett, Kysthospitalet

Bruk av røntgenstrålar er den tradisjonelle måten for å ta røntgenbilete av skjelettet. Metoden blir nytta for å påvise eller vurdere skade og sjukdommar, eksempelvis brotskadar og slitasjeforandringar.


 

 

Innleiing

Ved enkelte røntgenundersøkingar blir gjennomlysing brukt. Dette er ein metode der ein kan studere anatomi og dynamiske prosessar samtidig som bilete blir tatt.

Før

Røntgenundersøking av skjelettet krev inga førebuing.

Dersom du er gravid eller har mistanke om dette, ta kontakt med røntgenavdelinga i god tid før undersøkinga.
Røntgenstrålar kan vere skadelege for eit foster.

Eksakt informasjon om førebuing til undersøkinga vert sendt til deg ved innkalling eller gitt ved avdelinga når timen blir avtalt.

Under

Når du vert undersøkt sit/står du framfor eit røntgenapparat eller ligg på ein undersøkingsbenk med røntgenapparatet over eller under deg. 

Du må kle av deg i det området som skal undersøkast. Spesielt klede som inneheld metall er viktig å ta av.

Ved innstilling og under sjølve bilettakinga må kroppsdelen vi undersøker vere heilt i ro. Vi tek som oftast minst to bilete av kvar kroppsdel, for å framstille skjelettet frå ulike vinklar.

Bilettakinga gjer i hovudsak ikkje vondt. Dersom du har smerter i den aktuelle kroppsdelen på grunn av ein skade, kan det vere vondt å halde den stillinga som radiografen treng for å ta eit godt bilete.
 
Undersøkinga varer frå fem til 20 minutt, avhengig av kva som skal undersøkast.

Etter

Inneliggande pasientar kan gå attende til avdelinga med det same.
Andre pasientar kan reise heim eller gå vidare til eventuelle andre avtalar på sjukehuset.

Resultat av undersøkinga

Etter at undersøkinga er ferdig, blir bildene vurdert av ein lege. 

Tilvisande lege får svar frå radiologisk avdeling.  Du får vite resultatet av undersøkinga frå legen din etter avtale.

Ver merksam

Undersøkinga medfører ingen komplikasjonar.

Kontaktinformasjon

Bil

Om du kjem med bil frå Bergen:

  • Følg E39 mot Halhjem/Stavanger til du kjem til rundkøyringa ved Uno‐X bensinstasjon (ca 17 km etter Nesttun).
  • Ta første avkøyring og følg vegen 5,1 km til du ser sjukehusskiltet.

Om du kjem med bil frå Halhjem:

  • Følg E39 mot Bergen.
  • Ta andre avkøyring i første rundkøyringa etter tunnelen (ca 6 km fra Halhjem).
  • Følg vegen 4,4 km til du ser sjukehusskiltet.

GPS: 60.179797, 5.394974

Buss

Buss frå Bergen:

  • Rute 600 til Tøsdalsskiftet og derfra rute 602/607 Hagavik

Buss frå Halhjem:

  • Rute 600 til Tøsdalsskifet og derfra rute 602/607 til Hagavik.

Det er ca 500 meter å gå frå busstoppet ned til sjukehuset.

Praktisk informasjon

Informasjonsbrev til pasientar

Kantine

Kantine finst i 1. etasje. Den er open kl. 10‐15 alle kvardagar. 

Mobiltelefon

Mobiltelefon er tillat utanom på oppvakningsavdelinga.  Dekninga er dessverre ikkje like god alle stader på området.

Oppmøte

Meld deg i resepsjonen i 1. etasje når du kjem, og gå deretter opp til venterommet i 2. etasje. 

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Fann du det du leita etter?