Barnet skal ligge på ein røntgenbenk. Sjølve prosedyren med å legge inn det tynne kateteret er steril, så urinrørsopninga må vaskast med sterilt vatn. Kateteret vert så ført inn og radiograf/ radiolog startar med å fylle på kontrast. Barnet vil kjenne eit lett press når urinblæra er full. Avhengig av kvifor barnet er tilvist til undersøking, må ein vente på at barnet klarer å tisse slik at ein får framstilt ( bruke annet ord???) urinrøret. Dette kan ta tid.
Sjølve undersøkinga kan ta frå 30 minuttar til 2-3 timar, avhengig av når barnet tissar.