Røntgen av lungene

Røntgen thorax viser bilete av lungene, hjartet, ribbein, hovudpulsåra og midtre del av brystet (mediastinum).

Innleiing

Røntgen thorax er den røntgenundersøkinga som vert utført oftast.

Før

Undersøkinga krev inga førebuing.

Under

Før undersøkinga blir ein bedt om å kle av seg på overkroppen og fjerne smykke. Du må ta av deg BH-en, men kan eventuelt ha på ei tettsittande trøye. Dersom du har langt hår må det settast opp/samlast på hovudet.

Som regel vert det tatt to bilete, fortrinnsvis ståande. Du blir bedt om å puste djupt og halde pusten inne medan bilete blir tatt. Ein må stå heilt stille. Enkelte problemstillingar gjer det nødvendig å ta tilleggsbilete.

Undersøkinga tek nokre minutt og er heilt smertefri.

Etter

Undersøkinga krev inga spesiell oppfølging.

Resultat av undersøkinga.

Bileta vert granska av ein røntgenlege som lager ein rapport om kva bileta viser.
Innan ei veke blir rapporten sendt til legen som tilviste deg.

 

Kontaktinformasjon

Fann du det du leita etter?