HELSENORGE
Radiologisk avdeling

Røntgen av lungene

Røntgen thorax er røntgenbilete av lungene, hjartet, ribbein, hovudpulsåra og midtre del av brystet (mediastinum).

Innleiing

Røntgen thorax er den røntgenundersøkinga som vert utført oftast.

Før

Før undersøkinga blir ein bedt om å kle av seg på overkroppen og fjerne smykke. Du må ta av deg BH-en, men kan eventuelt ha på ei tettsittande trøye utan mønster, pynt, markerte saumar eller knappar. Dersom du har langt hår må det settast opp/samlast på hovudet.



Under

Som regel vert det tatt to bilete, fortrinnsvis ståande. Du blir bedt om å puste djupt og halde pusten inne medan bilete blir tatt. Ein må stå heilt stille. Enkelte problemstillingar gjer det nødvendig å ta tilleggsbilete.

Undersøkinga tek nokre minutt og er heilt smertefri.

Etter

Undersøkinga krev inga spesiell oppfølging. Bileta vert granska av ein røntgenlege som lager ein rapport om kva bileta viser.

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor blant anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Informasjon om prøvesvar

​Vi svarer ikkje på førespurnader som gjeld resultat av radiologiske undersøkingar. Desse skal tilvisande lege gå gjennom, med tanke på vidare medisinsk behandling. Du finn prøvesvaret under pasientjournal på helsenorge.no.​ 

Fann du det du leita etter?