HELSENORGE

Rettar ved pasient- og pårørandeopplæring i grupper

Pasientar og pårørande har mellom anna rettar i forhold til reise- og opphaldsutgifter, kostpengar og opplæringspengar ved opplæringstiltak i grupper. Pasientar og pårørande har også rett til val av behandlingsstad.


​Reiseutgiftar

Pasientar og pårørande har rett til å få dekka reiseutgifter ved opplæringskurs i sjukehuset. Pasientens fastlege eller sjukehuslege avgjer om det er nødvendig at pasient og pårørande blir kalt inn til opplæring.

Eigendelen på reisa er ein del av frikortordninga for pasienten. Dette gjeld ikkje for pårørande. Som hovudregel blir reiseutgifter dekka med ein standardsats per kilometer uansett kva for transportmiddel du brukar.

Reiserekning leverast elektronisk til Pasientreiser. Dersom du skal reise med fly, båt eller tog, må du bestille reisa via Pasientreiser. Har du spørsmål om reisen, ta kontakt med Pasientreiser på telefon  91 50 55 15.

Les meir om rettar, eigendelar og satsar for reiser på Helsenorge.no

Utgifter til opphald

Dersom du er tilreisande må du sjølv bestille overnatting. Det er eigne satsar og reglar for godtgjersle til utgifter til mat og overnatting. Har du spørsmål om utgifter til opphald, ta kontakt med Pasientreiser på telefon  91 50 55 15.

Les meir om utgifter til opphald på Helsenorge.no

Eigendel på kurs

Pasienten betaler eigendel på opplæringskurs, tilsvarande poliklinisk takst i sjukehuset.

Les meir om betaling for helsetenester på Helsenorge.no

Pårørande betaler ikkje eigendel. Eigendelen er ein del av frikortordninga for pasienten. Barn skal ikkje betale eigendel.

Permisjon frå jobb og opplæringspengar ved barns sjukdom og tapt arbeidsforteneste

Som pasient kan du få sjukemelding for å delta på pasientopplæring i sjukehuset. Dette bør du avklare med tilvisande lege. Du kan også søke arbeidsgjevar om velferdpermisjon.

  • Er du pårørande til ein vaksen pasient, kan du søke arbeidsgjevar om velferdspermisjon for å delta på kurset.
  • Er du yrkesaktiv forelder som deltar på kurs, kan du ha rett på opplæringspengar.

Les meir på NAV om opplæringspengar

Fritt behandlingsval

Deltaking på opplæringskurs inngår i ordninga for fritt behandlingsval.

Gå til Fritt behandlingsval

Informasjon til lege og sjukehus

For å utløyse dei omtalte rettane må opplæringsprogrammet tilfredsstille særkode A0099 i innsatsstyrt finansiering (ISF) (PDF), sjå side 53 og side 70.

Kjelder:

Helsedirektoratet

Lovdata

Pasientreiser

NAV



Fann du det du leita etter?