Raskare tilbake i eMeistring

eMeistring

Er du sjukmeld eller står du i fare for å bli det? Då kan du kanskje få tilbod om raskare behandling gjennom ordninga Raskare tilbake. Det er fastlegen din, eller andre som kan tilvise til behandling i spesialisthelsetenesta, som skal vurdere om du kan komme raskare tilbake i jobb gjennom tilvising til spesialisthelsetenesta.

Innleiing

Raskare tilbake i eMeistring

eMeistring Raskare Tilbake tilbyr terapeutveileda internettbehandling for sosial angst, panikkliding og depresjon med eit parallelt fokus på å hjelpe arbeidstakaren attende til arbeidsplassen.

Dette er eit tilbod til dei som har ein arbeidsplass å gå tilbake til og som anten står i fare for å bli sjukemeldt eller er del-/heiltidssjukemeldt. Behandlinga er kognitiv atferdsterapi, og består av tekst og oppgåver. Målet er å unngå sjukemelding eller å hjelpe sjukemelde raskare tilbake i arbeid.

Les meir om internettveileda behandling i eMeistring:

Depresjon - veileda internettbehandlingSosial angst - veileda internettbehandlingPanikkangst - veileda internettbehandling

I eMeistring Raskare Tilbake får du ein ressursperm med tekst og øvingar relatert til utfordringar i arbeidskvardagen. Dei ulike tema du kan ta arbeide med er:

  • Min veg tilbake til jobb
  • Mine kontaktar.
  • Søvn og søvnvanskar. Har du søvnvanskar som påverkar korleis du fungerer gjennom dagen?
  • Stress. Påverkar stress på jobb og/eller fritid arbeidskapasiteten din og korleis du har det?
  • Høge krav. Har du høge krav til deg sjølv og/eller andre?
  • Fysisk aktivitet. Ønsker du å være meir aktiv?
  • Fokus og konsentrasjon. Har du konsentrasjonsvanskar som påverkar kvardag og/eller arbeid?

Tilvising og vurdering

Korleis går eg fram?

Føresetnaden for å få eit Raskare Tilbake-tilbod er at det kan bidra til at arbeidstakaren kan komme raskare tilbake i jobb. Det er fastlegen som skal vurdere om personen kan kome raskare tilbake i jobb ved tilvising til spesialisthelsetenesta.

Tilvising til «Raskare tilbake» i Helse Bergen sendast:


Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering
Raskere tilbake
Nordåsgrenda 4
5235 Rådal

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Tilbodet er retta mot dei som

  • bur i opptaksområdet til Helse Bergen
  • er i arbeid eller har eit arbeidsforhold
  • har utfordringar som kan handle om sosial angst, panikkangst eller mild og moderat depresjon

Tilbodet passar ikkje til personar med langvarig nedsett funksjonsnivå grunna psykiske plager og/eller med behov for samansett og langvarig behandling.

1. Før

Før du kan logge deg på i eMeistring vert du innkalla til ei utgreiingsamtale ansikt-til-ansikt med behandlar. I denne samtalen vil vi fortelle om behandlinga og du kan kome med spørsmål. Saman med innkallinga vil du også motta informasjon om eMeistring Raskere Tilbake og tilgang på første modul: Forberedelse til første samtale. I denne modulen skal du starte prosessen med å forberede din veg tilbake til jobb. Vi ønsker at du les dette før du kjem til første samtale med behandlar.

I utgreiingssamtalen vil behandlar gjere ei kartlegging av di psykiske helse for å finne ut kva for hovudbehandling som passar for deg (sosial angst, panikkangst eller depresjon), og kva for tilleggsressursar som vil hjelpe deg til å mestre arbeidssituasjonen din betre.

Tryggleik på internett

Grunna elektronisk utveksling av sensitiv personinformasjon i eMeistringprogramma nyttar pasient og behandlar sikkerheitsnivå 4 for å logge seg på. Sikkerheitsnivå 4 er meint for sikring av sensitiv informasjon, det høgaste nivå vi har i Noreg i dag.

Sikkerheitsnivå 4 er definert av norske myndigheter og vert forvalta av Post- og Teletilsynet. Innlogging til eMeistringprogramma med sikkerheitsnivå 4 skjer via BankID eller Buypass.

Ta kontakt med banken din for å bestille BankID. Buypasskort kan du bestille saman med din behandlar i eMeistring.

Ta kontakt

Har du spørsmål om sikkerhet eller anna tilknytta eMeistringprogramma ta kontakt med oss på epost emeistring@helse-bergen.no eller tlf. 55 95 71 79.

2. Under

I eMeistring Raskere Tilbake få du ein ressursperm der du skal jobbe med arbeidstilknytning, vanlege utfordringar som kan føre til sjukemelding og kva du kan gjere for å unngå dette. Gjennom behandlinga i eMeistring skal du få lære korleis du kan skape endring og ein betre kvardag.

eMeistring Raskare Tilbake i varer i inntil 10 veker. Kvar veke får du oppfølging frå terapeuten din via sikker meldingsfunksjon i emeistring.no som rettleiar deg i behandlinga. Halvvegs i behandlinga vil du på ny møte terapeuten din. De vil i denne samtalen ha hovudfokus på din veg tilbake til arbeid, di mestring av dette og arbeidet du har gjort i ressurspermen.

Etter avslutta behandling vil du på ny møte terapeuten for ein oppsummeringssamtale.

eMeistring Raskere Tilbake varer i inntil 10 veker. Vi tilrår at du arbeider med behandlinga kvar dag.

3. Etter

Når du avslutter behandlinga vil terapeuten kalle deg inn til ein evalueringssamtale ansikt-til-ansikt der de saman oppsummerer arbeidet du har gjort. Etter denne samtalen vert kontakten med din eMeistring-terapeut avslutta, men du vil framleis ha tilgang til all tekst og oppgåvene dine i programmet i 6 månader framover.



Kontakt

Oppmøte

Bjørgvin DPS, Bygg B

Kjem du med buss, kan du ta nummer 30, 30E og 39.

Ved behov for parkering, må du hente parkeringsoblat i resepsjonen på Tertnes DPS.

eMeistring
Telefon
55 95 71 79
måndag - fredag 08.00-15.00
E-post

Parkering

​​​Det er gratis parkering for pasientar, pårørande og tilsette like ved lokala våre på Tertnes. Parkeringsoblat må hentes i resepsjonen på Tertnes DPS.

Praktisk informasjon

Mattilbod

​Alle er velkommen til kantina vår i Bygg B. 
Opningstider måndag - fredag klokken 10.30 til 13.00.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.