HELSENORGE
Revmatologisk avdeling

Psoriasisartritt

Psoriasisartritt (PsA) er ei form for leddgikt som kan oppstå hos personar med hudsjukdomen psoriasis.

Innleiing

PsA høyrer til gruppa av revmatiske betennelsesjukdomar som blir kalla spondyloartrittar.

Utbreiing og årsakar

PsA kjem hos om lag 10% av dei som har hudsjukdomen psoriasis. Det er ikkje samanheng mellom utbreiing av psoriasis i huda og risiko for å få PsA. Omtrent like mange kvinner som menn får PsA. Årsaker er lite kjende, men sjukdomen er i nokon grad arveleg.

Før

Symptom og sjukdomsteikn

Ved PsA er det vanleg at eitt eller fleire ledd er betente og dermed vonde, hovne og kjennes stive. Nokre kan få betennelse i bekkenledd og rygg slik som ved Bekhterevs sjukdom (lenke). Då kjennes smerte og stivheit i korsrygg og kanskje høgare opp i ryggen og rundt brystbeinet.
Dette merka rein gjerne mest om natta slik at søvnen blir forstyrra. Bevegelse gir lindring, medan kvile ikkje gjer det. Dessutan kan ein ved PsA ha betennelse i senefeste (såkalla entesitt), mest vanleg bakpå eller under hælen. Eit anna særtrekk ved PsA er betennelse i ein heil finger eller tå, noko som blir kalla daktylitt eller på norsk «pølsetå»/ «pølsefinger».
Ein person med PsA kan ha eitt eller fleire av desse sjukdomsteikna samtidig eller varierande over tid. Blodprøve syner oftast auka verdiar for senking og CRP (såkalla hurtigsenking). Det finst ikkje sjukdomsspesifikke antistoff i blodprøve ved PsA slik ein finn ved vanleg revmatisk leddgikt (revmatoid faktor og anti-CCP).

Under

Medikamentell behandling

Symptomlindrande medikament av typen antiflogistika gir raskt effekt og kan nyttast dagleg eller etter behov. Døme på slike er ibuprofen, naproxen og diklofenak. Dersom du ikkje toler antiflogistika kan du bruke paracetamol.
Kortisoninnsprøyting kan settast i ledd som er hovne og treng rask behandlingseffekt.
Sjukdomsmodifiserande medikament (metotrexat, Arava, Salazopyrin o.l.) har langsam og immundempande effekt som minkar betennelse og tendens til skade på ledd.
Biologiske (TNF-hemmande) legemiddel som blir gitt intravenøst eller som subkutan sprøyte. Gir ofte ei rask og god lindring av symptoma og kan dempe eller stoppe den revmatiske betennelsen. Dette er kostbare medikament som og gir ein liten auke i risiko for alvorlege infeksjonar. Tilgjengelege preparat er Enbrel, Humira, Remicade og Simponi.

Revmatolog vil starte behandling tilpassa din sjukdom. Sjukdomsforløpet er variabelt over tid og mellom ulike pasientar. Det er naturleg at du blir tatt med på råd om kva behandling som er best for deg.

Anna behandling

Trening og øvingar kan gjere at ein blir mindre stiv, får betre funksjon og kan vedlikehalde bevegelsesutslag i tillegg til å gi almene helseeffektar. Du bør i starten få rettleiing frå fysioterapeut om dette, i periodar kan det og vere nyttig med behandling hos fysioterapeut. Ergoterapeut kan gje råd og hjelp ved særskilde funksjonstap.
Personar med PsA har litt auka risiko for overvekt, diabetes og høgt blodtrykk. I samråd med fastlege bør du finne ut om dette gjeld deg og i så fall få ehandling for dette.
Du bør følgje generelle kosthaldsråd for rett mengde og samansetting. Særleg kan det vere av betydning å ha godt nok inntak av antioksidantar, omega-3 fettsyrar og kalsium.

Etter

Oppfølging

Diagnose og behandlingsoppstart vert fastsett av revmatolog, og det er vanleg med kontrollar hos revmatolog, etter kvart årleg. Det er viktig med oppfølging hos fastlege for andre helseproblem. Fastlegen kan skrive resept på antiflogistika samt fornya reseptar på sjukdomsmodifiserande medikament og skrive tilvising til fysioterapeut viss det trengs. I fredelege fasar av sjukdomen kan fastlege overta oppfølginga.

Vil du vite meir?

Kontaktinformasjon

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Glasblokkene, KK, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Praktisk informasjon

​Tilvising

​For å bli utredet/behandla ved Revmatologisk avdeling må ein tilvisast av lege. Når avdelinga har mottatt tilvising vil vi innan 10 verkedagar sende brev om ventetid og om det er aktuelt med poliklinisk undersøking eller opphald på sengepost.

Besøk på sjukehuset

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Betaling

Du betaler ingen ting når du er innlagt på sengepost ved avdelinga.

For polikliniske undersøkingar blir pasientane belasta med eigenandel. For tida er satsen 375 kr (jamfør poliklinikkforskrifta) og dette beløpet inngår i eigendelstaket. 

I tillegg til eigendelen kan du bli belasta for pasientbetaling (75 kr) for eventuelle bandasjar og bedøving som blir nytta ved undersøkinga/behandlinga. Pasientbetalinga på 75 kr er ikkje omfatta av eigendelsordninga.

Avdelinga tek ikkje imot betaling. Etter behandling vil du motta SMS der du kan velje betaling med Vipps eller faktura. 

Dersom du ikkje møter til tildelt time (eller avbestiller seinare enn 24 timar før avtalt tid) blir du belasta m​​ed 1125 kr (uavhengig om du har frikort eller ikkje.)

Les meir om eigendelar og betaling på sjukehus og poliklinikk på helsenorge.no

Førebuingar

Vi ber deg ta med ei oversikt over medikamenta du eventuelt brukar. Resultatet av undersøkinga blir sendt til tilvisande lege og fastlege.

Skal du innleggast på sengepost må du ta med deg toalettsaker, tøy osv. Sjukehuset kan ikkje ta ansvar for verdiar, så vi ber om at ein ikkje tar med seg verdisaker ved innlegging.

Skal du til rehabilitering må du ta med deg treningstøy og badetøy.

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Ventetider ved Revmatologisk avdeling

Ved nyleg oppståtte akutte leddbetennelsar har poliklinikken tilbod om øyeblikkeleg hjelp.

Tilvisande lege tar då telefonisk kontakt med revmatolog på vakt for tildeling av akutt-time.  

Tilvisingar frå fastlege på nye pasientar blir behandla fortløpande og frist for start av helsehjelp blir gitt etter nasjonale retningslinjer etter kor alvorleg sjukdomen er. Vurderinga blir gjort på grunnlag av opplysingar i tilvisinga frå fastlegen.

Dersom du har fått tildelt time langt fram i tid og meiner at du burde få kortare frist, eller dersom du er blitt dårlegare i ventetida må du kontakte fastlegen din. Fastlegen kan ta kontakt med avdelinga for å føye til nye opplysningar og få framskunda timen.

Du kan følge med på forventa ventetid over kor lang tid dei lavest prioriterte pasientane maksimalt må vente. Gå inn på Helsedirektoratets sider: www.frittsykeh usvalg.no.

Fann du det du leita etter?